Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snømus vs røyskatt på Nordvik

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. desember 2022

Denne nysgjerrige krabaten viste seg fleire gonger i vegkanten attmed Sjøleet i dag.  Odd Arild Sande sørga for å feste den til filmen som han sende til oss på Todalen.no. No er tusenkronersspørsmålet om det er røyskatt eller om det er snømus han har fotografert. 

Om det er snømus eller royskatt er vi usikker på, men nysgjerrig var han i allfall! Foto OA Sande

I ein e-post til Todalen.no skriv Odd Arild at «Dei «lærde» strides om det er snømus eller røyskatt – Todalen.no har sikkert ikkje berre «lærde» på dette, men og skråsikre»?  Er du skråsikker, eller mesta skråsikker så sender du oss ein e-post med begrunning! 

 

Er du lærd eller skråsikker, så send oss ei melding på e-post.  Foto OA Sande

Er det snømus eller røyskatt Odd Arild har teke bilde av ved Sjøleet? Foto OA Sande

 
Publisert: 27. desember 2022, 06:29