Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsmarsjen – godt å kome seg ut ein tur

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. desember 2022

Som vanleg var det god oppslutning om Romjulsmarsjen som tradisjon tru gjekk rundt bygda på 3. juledag.  Folk tykte det var godt å kome seg ut ein tur, og jammen er det da godt å treffe anna folk etter nokre dagar med «bærre» familie.   Sjølv om vêret og føret ikkje var heilt optimalt, så var det bra nok til at folk kledde godt på seg og tok turen rundt bygda til fots – eller med spark.  

Trimgruppa hadde mobilisert med gløgg og buffar til utdeling – Frå venstre Sissel Halset Storslett, Anita Talgø, Torill Talgø og Lars Kvendset. Foto Jon Olav Ørsal

På Bruset hadde Todalen ILs trimgruppe installert seg med varm gløgg til alle deltakarane – for høvet hadde dei rigga seg til i garasjen på Bruset, for å styre unna vestavêret som låg på berre utruleg.  Her var det og utdeling av idrettslaget nye profilplagg – TIL-buffen.  Den var delt ut gratis til alle deltakarane på dagens romjulsmarsj – faktisk meint som ein liten takk for den kjempemessige oppslutninga som var på adventlotteriet som trimgruppa arrangerte før jul.  Det kom inn eit femtital kortreiste gevinstar, og det var selt lodd for nærare 30.000 kroner, så det må betegnast som eit kjemperesultat.

På Hjellen stilte alle på romjulsmarsj – frå venstre Jostein, Sindre, Jorunn, Marita og Monika. Foto jon Olav Ørsal

Todalen.no var som vanleg ute på fotorunde under Romjulsmarsjen – på runden rundt bygda trefte vi mange trimmarar, og vi gjorde eit tappert forsøk på å fange inn alle som vi trefte på denne rundturen.  Her kan du gå inn på fotogalleriet og sjå om du treffer kjentfolk – nedafor har vi lagt ut alle bileta vi tok.  Tilsaman var det 119 deltakarar i årets Romjulsmarsj.  Elles melder arrangøren at det var Live Svinvik som vann tippekonkurransen på Bruset – ho tippa at det var 119 bitar i godisboksen – og det stemte på ein prikk!

Finn du kjentfolk i bildegalleriet?   Alle foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 27. desember 2022, 15:56