Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor innsats ga sesongstart 2. juledag som planlagt

Jon Olav Ørsal Måndag 26. desember 2022

Det som såg ut til å bli ein utsett sesongstart, vart likevel ein sesongstart 2. juledag slik som plana var.   Beltetrøbbel for tråkkemaskina var årsak til at det låg an til utsetting av sesongstarten, fortel Odd Rune Hoem som er dagleg leiar i Surnadal Alpinsenter.  – Vi fikk tak i eit sett med belter i Trysil, og disse var kjapt levert hit, og julaften vart dei montert på tråkkemaskina. Iherdig innsats av gode hjelparar gjorde at vi fikk preparert anlegget ferdig 1. juledag – og i dag opna vi som planlagt for publikum fortel Odd Rune. 

Det var kø i heisen da vi stakk innom for å sjå. Foto Jon Olav Ørsal

Hoen er forresten godt nøgd med salet av sesongkort i alpinanlegget.  Det var nok mange som fant sitt sesongkort under juletreet i år, og i dag har vi selt sesongkort for ein kvart million i løpet av nokre hektiske timar.  Vi er også på rett veg økonomisk, og har god tru på at vi skal få til blåe tal på bunnlinja i år også.  Det kan vi nok takk kunstsnøen for – den drenerer vatnet godt og varer mykje lenger.

God start på salet av sesongkort – passerte ein kvart million berre i dag – i tillegg var det nok mange sesongkort under juletreet, fortel Odd Rune Hoem. Foto Jon Olav Ørsal

Heisen blir no open i heile romjula frå 11:00 -til 15:00 – unnateken 1. nyttårsdag.  På nyåret – frå 2. jnauar blir anlegget ope på kveldstid i tidsrommet 18:00 – 21:00. No i starten er anlegget ope frå 7-ern og nedover – hit er det kunstsnø i sålen.  Vidare oppover til 11’ern er det kjøring på eige ansvar og enno i minste laget med snø.  

Elles så held vi same prisane som vi har hatt dei siste åra – satsar på at alle skal ha råd til å kjøpe kort og at vi får med oss fleire på denne måten, seier Odd Rune Hoem til slutt. 

Bra trøkk i heisen på opningsdagen – på nyåret startar kveldskjøringa frå 18-21. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 26. desember 2022, 15:54