Sigri V. Bøe og Hedda Hansen Berg skal ha konserterer i kulturhuset og Sagatun torsdag 22. september. Det blir meir som eit stunt, med ein kort konsert i foajeen på kulturhuset klokka 11:00 og i Sagatun grendahus kl. 13:00, og det er gratis inngang båe stadane!
Les heile saka
I neste veke – frå 19. – 23. september – gjennomføres årets demensaksjon. I Surnadal er det Surnadal demensforening- og helselag som er arrangør, medan det i Rindal er Rindal demensforening og i Åsskard er Åsgard helselag. I Surnadal startar dei aksjonen måndag 19. september og dei næraste dagane kjem det folk på døra for å samle inn pengar. På same måte som tidlegare har Surnadal demensforening og helselag fått god hjelp av Surnadalsrussen og i år er også 10-klassen med som driv med omsorgsfag.
Les heile saka
I løpet av dei par siste vekene, har nokon stjåle alle lysa på ei gravemaskin, som har stått parkert i hyttefeltet på Øygarden på Nordvik. Det var LED lys på gravemaskina, og det er tydeleg at tjuvane har vore ute etter akkurat dette, for anna dyrt utstyr som GPS og liknande er ikkje stjåle.
Les heile saka
I går gjekk Stavgangruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Sjøasetervatnet. Etter mange veker med fint turvêr og sol, var vêrmeldingane for dagens tur ikkje dei aller beste. Men da stavgangarane kom opp til vatnet, kom sola fram.
Les heile saka
Vi går mot ein vinter med høge straumprisar og dermed auka bruk av vedfyring som ei av varmekjeldene. Med bakgrunn i dette hadde brannvesenet i Todalen, i går kveld, brannøving med fokus på pipebrannar og førstehjelp.
Les heile saka
Dei næraste dagane er det meldt tildels store nedbørsmengder her i regionen og sørover til «søre luten». Det er gult farevarsel både for mykje regn, flaumfare og jord- og flaumskredfare. Dette vil pågå frå torsdag kveld og til laurdag kveld eller natt til søndag.
Les heile saka
Tysdag 20. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur til Blåfjellet i Heim kommune. Som kjent vart tysdagens planlagde tur dit avlyst på grunn av veret, men no prøver dei altså på att, og satsar på at vêrgudane er meir samarbeidsvillige denne gongen.
Les heile saka
Start 4H er ein triveleg gjeng ungdommar mellom 10-17 år. Klubben har eige klubbrom i Skulstuå og i tillegg til klubbmøter der, møtes dei til forskjellige aktivitetar rundt om i lokalmiljøet, slik som sist søndag, da medlemmene tok ein fisketur på Todalsfjorden.
Les heile saka
Onsdag 5. oktober klokka 19:00 kallar styret i Todalen Idrettslag inn sine medlemmer til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Her ønsker idrettslaget å få medlemmene sine meiningar om kva idrettslaget skal drive med i framtida, og ikkje minst kva medlemmene sjølv kan bidra med for å vere med på den aktive drifta av idrettslaget.
Les heile saka
Onsdag 12. oktober klokka 19:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til trivselskveld på Thon Hotel Surnadal. Her blir det servert heilstekt ytrefilet med potetmos, ovnsbakt asparges, tomatar og soppsaus. Creme brulee med friske bær og bringebærsorbett til dessert og sjølvsagt kaffe.
Les heile saka
I kveld vart sesongens siste fotballkamp spela på Bordholmen stadion. Og ein kan trykt seie det vart ei fuktig og kald oppleving, for både spelarar og publikum, da Søya/Todalen J/G 8 spela seriekamp mot Surnadal G8 kvit.
Les heile saka
Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus tysdag 20. september klokka 18:00 med forestillinga «Menneske, maskin og magisk rabalder». Dette er ei framsyning som opprinneleg er produsert av Cirka Teater, men som Teatret Vårt no har co-produsert.
Les heile saka