Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vintersyn med stemningsfulle vinter- og skimotiv

Jon Olav Ørsal Fredag 17. februar 2023

Torsdag kveld opna Surnadal kunstforening utstillinga «Vintersyn», der Kristian Finborud frå Voss er gjest og utstillar.  Alex Trio sørga for kulturelt innslag til opninga med Nordmørsminne i ein instrumental versjon.  Det er faktisk 10 år sia sist Finborud var i Surnadal, og mange frammøtte til opninga tydar på at Finborud appelerer til mange med sin kunst som på mange måtar var inpirert av Vestlandsnaturen.  

Her er kunstnaren Kristian Finborud, flankert av Marit Elin Eid, Mette S. Ormset og Sissel Halset Storslett. Foto Jon Olav Ørsal

Kunstformen som Finborud arbeider med er grafisk trykk, der han oftast brukar 2 plater og 8-9 farger for å uttrykke sin kunst. Vi anbefaler å ta turen til Finstua på Kulturhuset, for utstillinga er absolutt verdt eit besøk.  Tilsaman er det 69 kunstverk som heng i utstillinga, og det er prisar frå 950 og oppover til 13.400 alt etter størrelse og smak og behag.  Utstillinga blir hengande i Finstua til og med torsdag 2. mars.  Meir om kunstnaren Kristian Finborud, kan du lese her: finborudgalleri.no 

Alex Trio opna utstillinga med ein instrumental versjon av «Nordmørsminne». Foto Jon Olav Ørsal

Mange av motiva var ispirert av ski- og vintersport – men det var også mange andre motiv – tilsaman var det 69 kunstverk som var utstillt. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 17. februar 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 16. februar 2023, 20:42