Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 27. november 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 28. november kl. 11:00. Start frå Matkroken Todalen. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Nye retningsliner for motorferdsel i utmark

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. november 2022

17. november vedtok Surnadal kommunestyret nye retningsliner for motorferdsel i utmark. Det meste er som før, men nokre viktige endringar vart vedtekne. Med dei nye retningslinene på plass, kan kommunen starte behandlinga av søknader om motorferdsel i utmark for den kommande vinteren. Mange har allereie sendt inn søknad om løyve til å køyre snøskuter og desse vil bli behandla før jul om dei er utanfor verneområde.

Les heile saka

Vellykka førjulslunsj i Sanitetshuset!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 26. november 2022

For første gong inviterte Todalen sanitetsforening til førjulslunsj på ein laurdag; det vart ein suksess! Det vart fullt rundt borda; bortimot 40 personar møtte fram.

Les heile saka


Tenning av julegata og lotteri

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. november 2022

Todalen bøgdalag inviterer til tenning av julegata utanfor Matkroken Todalen søndag 27. november klokka 18:15. Det blir servert kaffe og pepperkaker. Det blir også lotteri, der ein allereie no kan kjøpe lodd via Vipps 568828. Kvart lodd kostar kroner 20,-. Hugs å skrive namn på loddkjøpar i meldingsfeltet. Trekning søndag kveld, med kunngjering av trekningslista her på Todalen.no. 

Les heile saka


Sesongstart og WC-debut for Erik

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2022

Erik Kårvatn hadde sin debut som World Cup-deltakar i dag. Det skjedde i Val Thorens i Franskrike, og avsluttar treningssamliga han har delteke på den siste veka.  For Erik  vart det eit tøft møte med World Cup sidan han enno deltek i juniorklassen, men starta i da i seniorklassen. Det var han godt budd på, men han har hausta mykje erfaring og veit kvqar han står i høve til seniorklassen.

Les heile saka

Alpingruppa i Surnadal IL med kalendersal

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. november 2022

Å selje adventskalendrar er ein mangeårig tradisjon for Alpingruppa i Surnadal IL. Laurdag 26. november, mellom klokka 10:00 – 11:30, vil Mathial og Ingvild selje  adventskalendrar på Matkroken Todalen. 

Les heile saka

Førjulslunsj i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 24. november 2022

Todalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar til lunsj i Sanitetshuset laurdag 26. november kl. 13:00. Her blir det god og gratis mat.

Les heile saka


Håkon Bergersen vann el-sparkesykkel

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. november 2022

I midten av oktober markerte det lokale eltilsynet i S-Nett «Elsikkerhetsdagen» – den nasjonale dagen for å ta kontroll over di eiga elsikkerheit. Nettkundane i Møre og Romsdal kunne, i samband med dette, gjennomføre ein digital eigenkontroll som ville avdekke potensielle brannfarar i heimen. Meir enn 20 000 husstandar gjennomførte kontrollen og på den måten gjorde heimen sin litt tryggare.

Les heile saka

Veden varmar fleire gong

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. november 2022

På vegkanten på tur til Kårvatn trefte vi to som var i full gang med vedhogging.  Det kan kanskje sjå slik ut at dei er seint ute med vedhogginga no, men nei – dei er heller tidleg ute, for dette er ved til neste vinter, fortalte dei to – Elin Kårvatn Gulla og Stig Are Gulla.  – Dei ville nytte det fine haustvêret til å drive litt vedhogging.  Og vêret var nok heilt prima, for det var fønvind og 7-8 varmegrader da dei dreiv på like ved Vassosen.

Les heile saka