Torsdag 24. november klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Torsdag 24. november klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaSurnadal demensforening og helselag minner om bokbadet med Kari Løvendahl Mogstad og dotra Selma. Det skjer på kulturhuset torsdag 1. desember kl 19:00, når dei kjem for å presentere boka dei to har skrive om spisevegring. Det er Kari Evensen som «bokbader» dei to.
Les heile sakaI dag, og ei stund framover, vil det bli gjennomført seismiske undersøkingar av sjøbotnen, for alternativet med undersjøisk tunnel Åsbøen til Ålvundfossen, som no har kome opp som eit alternativ til bru frå Svinvika og tunnel Rakaneset til Ålvundfossen. Det er vegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som har engasjert Sweco for å gjennomføre dei seismiske undersøkingane.
Les heile sakaFredag 25. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helga.
Les heile sakaPresentasjonen av årsskriftet er det store høgdepunktet for Todalen historielag. Søndag ettermiddag vart årsskriftet for 2022 presentert i ungdomshuset, og det samla eit 60-tal med sambygdingar til bokslepp. At historielaget i bygda har eit par hundre medlemar viser at todalingane tek vel vare på historia og som tok i mot sitt årsskrift med stor interesse.
Les heile sakaBarne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har bruka dei siste dagane til å få laga skeiseis på Bordholmen stadion. Det har vore minusgrader dagane, noko som har gjort at det har vore mogleg å lage skeiseis.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 21. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Les heile sakaSøndag 20. november klokka 15:00 inviterer Todalen historielag til «bokslepp» i Todalen ungdomshus. Her vil historielaget sitt rykande ferske årsskrift for 2022, bli presentert. Det blir også utstilling av måleri måla av Olav Halse, yngre bror av Leif Halse, og sjølvsagt kaffe og bakels!
Les heile sakaNeste veke vil Surnadal AP presentere partiet liste til kommunevalet neste år, men alt i dag presenterte partiet forslag til listetoppar. Ved valet i 2023 blir Annett Ranes ordførarkandidat og Helge Røv blir varaordførarkandidat – akkurat som for 4 år sia. Det var Odd Arild Sande, som er leiar i nominasjonskomiteen, som presenterte nominasjonskomiteens ordførarkandidatar for den lokale pressa i dag. Han fortalte at dei starta jobben alt i mai og har lagt ned mykje arbeid for å finne kandidatar til partiets liste ved kommunevalet i 2023.
Les heile sakaTodalen Idrettslag og Todalen bøgdalag minner om at dei inviterer til julebord i Todalen ungdomshus laurdag 3. desember klokka 20:00. Det blir servert ribbe, pinnekjøtt, medisterkaker og pølser med tilbehør. Etterpå blir det sjølvsagt servert dessert!
Les heile sakaTodalen sanitetsforening har, som vi tidlegare har skrive om, søkt om, og fått tildelt totalt 600 000 kroner frå Damstiftelsen til prosjektet «Inn på tunet». Dette er eit tilbod om helgaopphald for pårørande og personar med demens og kognitiv svikt. Todalen sanitetsforening samarbeider med Jostua på Bele og Oppistua på Øye om tilbodet
Les heile sakaDet spørsmålet stiller Surnadal kommune. Bakgrunnen er at kommunen no tek imot personar som er tvinga på flukt frå krig og uro i heimlandet sitt rundt om i verda, men spesielt frå Ukraina.
Les heile saka