Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forviklingskomedie av Shakespeare

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. oktober 2022

Teatret Vårt fyller femti år i år, og torsdag 3. november klokka 19:00, kjem dei til Surnadal kulturhus med forestillinga «Tvillingene». Det blir mykje moro når to sett med sjarmerende einegga tvillingar, spela av radarparet Nils Vogt og Kim Haugen, prøver å finne seg sjølv. Slik vi alle gjer.

Les heile saka

Flygetrening med drone i Gammelseterdalen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 21. oktober 2022

Det høres kanskje litt mystisk ut, men det er ikkje nokon form for dramatiskk. I dag fikk vi være med på flygetrening på Kårvatn, der det vart øvd på bruk av drone i søk. Det var 2 frå politistasjonen i Kristiansund og 2 fra stasjonen i Surnadal som deltok.  Treninga foregikk på Kårvatn fordi det er ein populær friluftsområde og da er det lurt å gjera seg litt kjent.  I tillegg er det 10 angus-krøtter borte i Gammelseterdalen, og da vart det plutseleg ei nyttig oppgåve og litt realistisk trening.  

Les heile saka

Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 21. oktober 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 22. oktober i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!

Les heile saka

Historisk furu teken ned

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. oktober 2022

Onsdag vart den siste furua, som Erling Talgø planta på Kvennset først på syttitalet, teken ned. Erling Talgø planta rundt tretti furuer, for å pynte rundt den «nye» møbelfabrikken på Kvennset, da andre byggetrinn av fabrikken stod ferdig først på syttital. «Furuene vart henta i Hallaneset, og var mellom 2 og 3 meter høge da dei vart flytta til Kvennset», fortel Bernt Kalseth. Han hadde sommarjobb på Talgø og var med og flytta furuene og å plante dei på Kvennset. 

Les heile saka

Asfalten på plass på Haukåbrua

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. oktober 2022

Etter at Haukåbrua vart reparert og oppgradert med nytt rekkverk har asfaltering stått på vent.  I går kveld vart siste innspurt gjort unna, og entreprenøren Veidekke la nytt asfaltdekke på brua og litt utom på kvar kant.

Les heile saka


Inviterer til «Felles middag»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. oktober 2022

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» onsdag 26. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00. 

Les heile saka

Har nokon sett Simba?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. oktober 2022

Natacha Nordvik, på Liatun, undrar på om nokon har sett katten hennar, som heiter Simba? Han er ein kastrert hannkatt på eitt og eit halvt år, og han er glad i folk. Han har no vore borte i tolv dagar, og Natacha lurer på om nokon har sett han?

Les heile saka

HalsOil er billigst i by’n

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. oktober 2022

Vi gjorde ei lita uoffisiell prissamanlikning i dag – noterte kort og godt prisane på bensinstasjonane på Skei, og samanlikna med prisane på HalsOil når vi var attende i Todalen.

Les heile saka


Dordi Jorunn Halle Sundag 16. oktober 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 17. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Du er velkomen til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Bispebesøk i Surnadal

Tekst Bernt G. Bøe Sundag 16. oktober 2022

Mørebiskop Ingeborg Midttømme har visitas i Surnadal siste veka i oktober. Kyrkjesokna legg opp til eit allsidig – og annleis – program. Konstituert prost Vidar Rygh og lokalstaben tek bispefølgjet rundt i kommunen for å vise noko av det pulserande livet i bygdene.

Les heile saka