Ein skulle kanskje tru at regnvêret som verkeleg glimta til i føremiddag hindra tilstrøyminga til kyrkja og dagens gudsteneste. Men heller tvert i mot så kom det eit stort trettital for å ta del i dagens gudsteneste. Ei litt spesiell gudsteneste forresten, fordi meir eller mindre heile mannskapet var vikarar. Liturg var for høvet Bjørn Hovde, som var vikar for Torbjørn Brøske, som er tilsett som vikar i samband med utlysinga av ny prestestilling etter Kristin Strand som slutta til nyttårs.
Les heile saka
Etter ein lang og god julepause var det klart for første strikkkekaffe i 2023, og det var kjærkome! Heile 19 jenter i godt vaksen alder møttest i Sanitetshuset laurdag 28.januar.
Les heile saka
Surnadal kino kan veka som kjem lokke både med «godteposar» på lerretet og frå kiosken! Seniorfilmklubben inviterer til noko heilt fabelaktig, og Surnadal kino «krydrar» resten av veka med krutsterke opplevingar.
Les heile saka
Styret i Surnadal SV kallar inn til årsmøte på Surnadal videregåande skule søndag 5. februar klokka 13:00. Vanlege årsmøtesaker. Dette opplyser sekretær i Surnadal SV, Inger Johanne Iversen.
Les heile saka
No på laurdag og søndag er det klart for «Hagefugltellingen 2023» Da er nemleg spørsmålet kor mange fuglar du ser i hagen din i løpet av dei to dagane? Det er Birdlife Norge som arrangerer «Hagefugltellingen 2023», og alle som matar fuglar ved bustaden eller på hytta blir oppfordra til å delta.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 28. januar i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.
Les heile saka
Hubertine Roebroek er gartner på Hageland, og er no i full gang med å førebu våren og ny sesong i hagen. Det er enno god tid for å så dei fleste sortane, men det lønner seg å få enkelte frøsortar i jorda alt no – foreksempel chili, paprika og blomstersortar som blodbeger – og enkelte andre sortar. I butikken på Hageland finn du no både frø, såjord, gjødsel, minidrivhus og enkle lysanlegg – alt du treng for å starte tidleg.
Les heile saka
Saknar du å prate med andre om bøkene du les? Da kan du no bli med i Surnadal bibliotek sin «lesesirkel». Her kan du dele leseglede og leseopplevinga med andre. Ein les same bok, men kvar for seg — og samtalar om boka på «lesesirkel»-treffet, over ein kopp kaffe eller te.
Les heile saka
Motiv med både fire og to føter, himmelfenomen og spegelblank fjord er noko av det som kan oppsummere året 2022. Det er klart for å gå til avstemming for årets bilete!
Les heile saka
Måndag ettermiddag kunne Surnadal Senterparti presentere listetoppane til haustens kommuneval. Det har vore knytt stor spenning til nominasjonsprosessen etter at Margrete Svinvik ga beskjed om at ho ikkje stilte til gjenval. Det er mykje som skal klaffe i ein slik nominasjonsprosess, og no var altså tida inne for å presentere den nye trioen på toppen av lista.
Les heile saka
Torsdag 26. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Vi opplever at det er knytta spenning til aktiviteten i byggebransjen, men opplever også at det er stor etterspørsel etter bustader – både lokalt og i heile regionen. Talgø dei siste årahar sikra seg byggekapasitet gjennom oppkjøp av Talgø Agrobygg i Bindal kommune, Tradbo i Tingvoll og no sist Einar Mork Snekkerverksted i Averøy.
Les heile saka