Siste månadsvinnar for 2022 er klar, og det var Ingri Bruset med bilete Haustsol over bygda som stakk av med sigeren for desember. Seinare i månaden kjem den store kåringa for årets bilete 2022.
Les heile saka
Siste månadsvinnar for 2022 er klar, og det var Ingri Bruset med bilete Haustsol over bygda som stakk av med sigeren for desember. Seinare i månaden kjem den store kåringa for årets bilete 2022.
Les heile sakaEtter snøvêret i nyttårshelga har det vore relativt fine vintervegar, men med litt vind og rennfokk innimellom. Laurdag kom mildvêret og dermed vart det blankis og glatte vegar. På dei asfalterte vegane er det stort sett bart, men gardsvegane deimot har vore nærast blankpolerte.
Les heile sakaTorsdag 12. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til ny sesong med trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaSurnadal biblioteket på inviterer alle til litterære «pusterom» den andre onsdagen i kvar månad (med nokre unnatak for sommaren). Første gongen i år blir difor onsdag 11. januar klokka 18:00 i lesesalen på biblioteket.
Les heile sakaDet «spruter av musikalsk energi og fortellerglede» (NRK) i Steven Spielbergs nye versjon av «West Side Story», som Seniorfilmklubben viser onsdag 11. januar klokka 12:00.
Les heile sakaDei siste åra har det vore prata mykje om å få fram Todalshytta, slik at du kan sjå ho frå Halagrenda eller frå Kvennset igjen. På bilder frå Phillips tid er det nemleg open utsikt både ned mot elva og utover bygda. Da kunne dei sitte frampå bakkan ved hytta og sjå ned på elva – og fiskarane kunne følgje med om det gikk opp laks med litt størrelse på.
Les heile sakaSurnadal demensforening og helselag, som er ein av dei fire arrangørane, minner om at Ingebrigt Steen Jensen kjem til Halsahallen måndag 9. januar. Han kjem for å halde eit foredrag om den nyaste boka si «Før jeg forsvinner» og det nye livet han har fått, etter at han fekk påvist Alzheimer. Liv Botten i Surnadal demensforening og helselag minner også om at dei som vil ta buss frå Surnadal og Kyrksæterøra til Halsahallen, må melde frå om dette på telefon innan utgangen av søndag. Kontaktinformasjon finn du litt lenger ned.
Les heile sakaFolkesongar Unni Boksasp syntes no det var på tide at ein folkemusikar laga ny musikk til dei gamle tekstane, og 6. januar 2023 har Boksasp urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved på Nutheim i Seljord i Telemark. Den 10. januar kjem forestillinga til Bondehuset i Stangvik.
Les heile sakaI rokk og fokk og is skriv Hans Rotmo i teksten, og slik er det i ferd med å bli her også no. Rart vër egentleg, for å dag tidleg var det 8 kuldegrader i 7-tida – berre ein halvtime seinare var temperaturen gått opp til 2 minus – og littlenger utpå vart det faktisk varmegrad. Utover ettermiddagen har det auka på med litt kald vind, 5 til 6 m/sek og faktis opp i 11-12 m/sek i kasta.
Les heile sakaVi slepp ikkje heilt taket i desember og 2022, for her kjem sjansen for å bli med å avgjere kva bilete som kan bli månadens beste. Og skal ein tru utvalet så var årets siste månad prega av HalsOil-skjermhuv, glimt av sol og vebju.
Les heile sakaPyroteknisk skalkfest er det første gongen det blir arrangert på Bordholmen. Enkelt forklart så var det rett og slett ein elendig vêrtype for bruk av fyrverkeri på nyttårskvelden. Litt rådslagning med politimesterens folk og brannsjef i kommunen gjorde at det vart arrangert det vi kan kalle polyteknisk skalkfest på Bordholmen i kveldinga. Det var betre enn at alt dette fyrverkeriet skulle lagres i kjeller og loft rundt i bygda.
Les heile sakaPå grunn av tett snøfokk og snødrev rundt midtnatt i går kveld, er det sannsynlig vis mange som ikke fikk skyte opp sine rakettbatteri. Derfor har det i samråd med brannsjef i Surnadal og politiet i Møre og Romsdal, vurdert det slik at det beste er få disse rakettbatteriene opp i lufta, enn at de lagres i kjellere og garasjer rundt omkring i hele året 2023, skriv pyroteknisk forhandler Terje Nordvik i ein e-post til Todalen.no
Han fortel at Politiet har fått flere henvendelser på samme sak fra flere steder i fylket. Bordholmen er valgt som oppskytingspunkt på grunn av god avstand til husdyra i de nærmeste fjøsa.