Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDet har i dag vore forsøkt utført litt servicearbeid på ei av tredemøllene og romaskina på Hett & Svett. På tredemølla skulle det skiftast band, men det nye bandet leverandøren hadde levert passa ikkje, så her må det skaffast eit nytt før tredemølla blir i orden att.
Les heile sakaMedlemmer av Todalen sanitetsforening var laurdag 11. februar samla i Sanitetshuset for å sjå overføring frå Oslo der årets Fredrikkepris vart delt ut. Fredrikkeprisen er ein heiderspris som blir delt ut årleg. Det var 17 nominerte til prisen i år, og Todalen sanitetsforening hadde nominert Kari Løvendahl Mogstad. Ho gjer og har gjort eit godt og viktig arbeid for kvinnehelse og opplysningsarbeid når det gjeld spiseforstyrrelsar. Men prisen gjekk til Lise Klaveness, og ein meir verdig prisvinnar kan ein knapt få. Ho fekk stor applaus frå sanitetskvinnene i Todalen.
Les heile sakaErik Kårvatn som representerer Trollheimen Fjellsportklubb er teken ut til VM i Randone i i Boi Taüll, Spania. No er det nøyaktig 2 veker til VM startar, og Erik driv no og finpussar forma – jobbar mellom anna med å få opp farten på sprinten.
Les heile sakaPå Todalshytta er det klart for årets første balldag – det skjer komande tysdag den 14. februar med servering av sildball og potetball mellom kl 14:00 og kl 18:00. Som tidlegare balldagar kan du sjølv velge om du vil ha potetball eller sildball – fritt val til same pris.
Les heile sakaStyret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Den som vil seie frå seg tillitsverv i idrettslaget må gjere dette skriftleg til valnemnda innan tysdag 28. februar. Saker som skal behandlast på årsmøtet må sendast skriftleg til styret i idrettslaget innan tysdag 28. februar. Det blir enkel servering. […]
Les heile sakaNordvik Grendalag kallar inn til årsmøte tysdag 28. februar kl. 19:30. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaTett i teten på årets første kåring av månadens bilete, men «Naturens kunstverk» og fotograf Hanne Waag er kåra til beste foto i januar.
Les heile sakaDei to siste dagane, har vore av det vindfulle slaget. Da er det ikkje akkurat uteaktivitetar som freistar mest, så da er det bra Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan tilby balleik for barn og unge i gymsalen på Todalen skule.
Les heile sakaTysdag kveld klokka 19:00 blir ei fulltonande og lærerik stund i Stangvik kyrkje. Publikum, konfirmantar, kor og kyrkjestab opnar da salmeboka i full breidde. Dette heiter det i ei pressemelding vi har fått i dag
Les heile sakaLeiar Maren Ansnes ønskte 18 medlemer vel møtt til årsmøtet, og ho syntest det var ekstra kjekt å seie velkomen til ein ny medlem i foreininga. Medlemstalet den 31.12.2022 var 87.
Les heile sakaLaurdag 11. februar, mellom klokka 11:00 – 15:00, inviterer Lia gard til «morsdagsutsal». Så da blir det mogleg å sikre seg nokre godbitar, for å overraske mor med på morsdagen søndag den 12! Førehandsbestiller innan torsdag 9. februar klokka 12:00.
Les heile saka