Dei siste åra har det vore prata mykje om å få fram Todalshytta, slik at du kan sjå ho frå Halagrenda eller frå Kvennset igjen. På bilder frå Phillips tid er det nemleg open utsikt både ned mot elva og utover bygda. Da kunne dei sitte frampå bakkan ved hytta og sjå ned på elva – og fiskarane kunne følgje med om det gikk opp laks med litt størrelse på.
Les heile sakaMinner om foredrag med Ingebrigt Steen Jensen i Halsahallen
Surnadal demensforening og helselag, som er ein av dei fire arrangørane, minner om at Ingebrigt Steen Jensen kjem til Halsahallen måndag 9. januar. Han kjem for å halde eit foredrag om den nyaste boka si «Før jeg forsvinner» og det nye livet han har fått, etter at han fekk påvist Alzheimer. Liv Botten i Surnadal demensforening og helselag minner også om at dei som vil ta buss frå Surnadal og Kyrksæterøra til Halsahallen, må melde frå om dette på telefon innan utgangen av søndag. Kontaktinformasjon finn du litt lenger ned.
Les heile sakaKjem til Bondehuset: Unni Boksasp presenterer ny musikk for Draumkvedet
Folkesongar Unni Boksasp syntes no det var på tide at ein folkemusikar laga ny musikk til dei gamle tekstane, og 6. januar 2023 har Boksasp urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved på Nutheim i Seljord i Telemark. Den 10. januar kjem forestillinga til Bondehuset i Stangvik.
Les heile sakaI rokk og fokk og is
I rokk og fokk og is skriv Hans Rotmo i teksten, og slik er det i ferd med å bli her også no. Rart vër egentleg, for å dag tidleg var det 8 kuldegrader i 7-tida – berre ein halvtime seinare var temperaturen gått opp til 2 minus – og littlenger utpå vart det faktisk varmegrad. Utover ettermiddagen har det auka på med litt kald vind, 5 til 6 m/sek og faktis opp i 11-12 m/sek i kasta.
Les heile sakaMånadens bilete desember
Vi slepp ikkje heilt taket i desember og 2022, for her kjem sjansen for å bli med å avgjere kva bilete som kan bli månadens beste. Og skal ein tru utvalet så var årets siste månad prega av HalsOil-skjermhuv, glimt av sol og vebju.
Les heile sakaPyroteknisk skalkfest på Bordholmen
Pyroteknisk skalkfest er det første gongen det blir arrangert på Bordholmen. Enkelt forklart så var det rett og slett ein elendig vêrtype for bruk av fyrverkeri på nyttårskvelden. Litt rådslagning med politimesterens folk og brannsjef i kommunen gjorde at det vart arrangert det vi kan kalle polyteknisk skalkfest på Bordholmen i kveldinga. Det var betre enn at alt dette fyrverkeriet skulle lagres i kjeller og loft rundt i bygda.
Les heile sakaFyrverkeri på Bordholmen kl 18.00 i kveld – 1. nyttårsdag
På grunn av tett snøfokk og snødrev rundt midtnatt i går kveld, er det sannsynlig vis mange som ikke fikk skyte opp sine rakettbatteri. Derfor har det i samråd med brannsjef i Surnadal og politiet i Møre og Romsdal, vurdert det slik at det beste er få disse rakettbatteriene opp i lufta, enn at de lagres i kjellere og garasjer rundt omkring i hele året 2023, skriv pyroteknisk forhandler Terje Nordvik i ein e-post til Todalen.no
Han fortel at Politiet har fått flere henvendelser på samme sak fra flere steder i fylket. Bordholmen er valgt som oppskytingspunkt på grunn av god avstand til husdyra i de nærmeste fjøsa.
Snøvêret ødela for nyttårsmarkeringa
Det heftige snøvëret øydela nok litt for fyrverkeriet og markeringa av nyttåret i Todalen. Det var både snø og vind, og det la nok ein dempar på fyrverkeriet denne gongen. Massivt fyrverkeri i Øyalia kom mesta bort i skodda, og det var for oss vanskeleg å sjå fyrverkeriet på Todalsøra og Kvennset. Har du fine foto av fyrverkeriet i Todalen, så kan du sende inn bilder så lager vi eit galleri i etterkant.
Godt nyttår!
Tida er inne for å ringe inn eit nytt år – mellom klokka 17 og 18 sørger kyrkjeklokka for å varsle om det nye året som er på gong. Etter midnatt kan vi altså skrive 2023, og vi på todalen.no varslar om nytt år for 14. gong. Vi er faktisk litt stolte av at vi har klart å halde den lokale portalen operativ så lenge og at vi heile tida har opplevd eit aukande tendens i lesartala. Dei siste åra har nok vore ei utfordring i så måte, men i det store og heile har det gått bra.
Les heile sakaEkstremvêret som ikkje kom inn…
Det har vore meldinga om ekstremvêr både når det gjeld nedbør og vind dei siste par dagane. Litt vind og litt nedbør har det vore, men langt i frå noko ekstremvêr, heldigvis. No har det meste av isen på asfalterte vegar tina opp og forsvunne, medan gardsvegar som er grusvegar enno er glatte, men grunn til å åtvare både fotgjengarar og andre trafikkantar.
Les heile sakaHeftig på nyttårskonserten
Det blir tradisjonell nyttårskonsert på Surnadal kulturhus fredag 6. januar. Denne gongen også med utradisjonell gjestemusikar på bandoneón.
Les heile sakaNyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje
Den tradisjonelle nyttårsgudstenesta i Todalen kyrkje blir på nyttårsaften kl 16:00, melder Todalen sokneråd. Liturg blir Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe blir organist.
Les heile saka