Kristen Bruset er fotografen bak månadens bilete i mars. Vi gratulerer!
Les heile saka
Kristen Bruset er fotografen bak månadens bilete i mars. Vi gratulerer!
Les heile sakaDa friluftsgudstenesta på Tjønnmyran runda av med Todalssongen kom det nokre få regndråpar for å markere slutten på det fine påskevêret vi har hatt. Det var Todalen sokneråd som tradisjonen tru arrangerte friluftsgudsteneste 2. påskedag, og det er faktisk ein like gamal tradisjon at det er finvêr under friluftsgudstenesta. Mellom 50 og 60 personar var møtt fram og hadde installert seg i gapahuken på Tjønnmyra for å ta del i friluftsgudstenesta.
Les heile sakaEi lita overrasking og eit ønske om å ha ein fin dag hong urørt på eit skilt i Toåa tursti i dag tidleg. Ei lita anonym helsing til ein like anonym finnar – vi opna ikkje så vi veit ikkje kva som stod, men vi skulle kanskje vore dyktigare til å ønskje kvarandre ein god dag, eller eit ønskje om godt vêr.
Les heile sakaAnders Mo vart på årsmøtet til Todalen Idrettslag den 15. mars valt til ny driftsleiar på Hett & Svett. I dag var han og leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme, på plass for å ordne dei praktiske tinga i samand med at Anders no tek til i vervet.
Les heile saka14 lag mobliserte all tilgjengeleg kunnskap til påskequiz på Todalshytta langfredagskvelden, og jammen vart det kamp om posisjonane for ikkje å seie pallplassane etter kvart. Til slutt var det 4 poeng som sørga for ein trygg vinnarplass for det lokale laget Markarampen med 45 poeng. På dei neste plassane kom Ranes United med 41 poeng og Torkjel & Co på tredjeplass med 40,5 poeng.
Les heile sakaVêrgudane varta opp med strålande vêr og kjempe fint skiføre under årets «kjerringdilt. Knapt seksti peronsar tok turen opp til skihytta for å vere med på «Kjerringdilten» og for å få ein fin skitur i det fine påskevêret. Det er driftsstyret for skihytta i Todalen Idrettslag som står som arrangør av «Kjerringdilten».
Les heile sakaEi lita solskinshistorie frå skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra i går. Ella Bruset, 10 år frå Lørenskog, med mamma fra Todalen, selde i går, under skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, bilete til inntekt for Redd Barna i Ukraina.
Les heile sakaPåskeaftan kan du rivi i med nytt utstyr – så kan du ta ein prøvetur til Tydalsnebba etterpå – eller kanskje ein tur til Kvennåbotn? Kårvatn Fjellutstyr rapporterer om eventyrleg sal og har i år ope påskeaftan i tidsrommet 10-15 – Da er det rabatt på det meste i «butikken på låven» – ski, bindinger, stavar, klær sko og mykje anna!
Vikarierande pressetalsmann for det tradisjonelle skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, Oddvar Mikkelsen, har sendt oss ein rapport frå dagens seterrenn. Oddvar kan fortelje at det var strålande vêr og flott skiføre under årets utgåve av Nordvik grendalag sitt seterennet på Nordviksetra.
Les heile sakaTodalen Idrettslag trefte blinken med Gunnøydilten! Verken vi eller arrangøren, som var TILs trimgruppe veit kor mange som var med, men det kom og gikk folk frå alle kantar, så derfor veit vi at det var mange som var med. Og folket kosa seg i finvêret – og folk brydde seg ikkje om av det til tider var litt sterk landvind for dei var kledde for å være ute. TILs trimgruppe hadde ordna med både kaffe og brus, og kanelsnurrane og sjokoladekaka fikk bein å ga på – vi såg berre blide ansikt nedover heile turstien.
Les heile sakaNo er det lamming på gang – i Viastua er dei første lamma alt komne til verda. Aller først ute var Jenny, som lamma 21. mars – som eit resultat av eit romantisk eventyr medan dei enno var ute på beite – men no er den ordinære lamminga i startgropa. Om eit par dagar starta «rushet», og da kjem nok lamma som perler på ei snor.
Les heile sakaMåndag 10. april klokka 12:00 inviterer Todalen sokneråd til friluftsgudsteneste på Tjønnmyra. Liturg er Torbjørn Brøske og Bernt Bøe er organist.
Les heile saka