Det var eit kjempefint innslag frå WC i randonee i Tromsø – dagens idividuelle konkurranse hadde 62 deltakarar i seniorklassen for mann, og dagens vinnar i seniorklassen vart Remi Bonnet frå Sveits på tida 1:05:02,67. Beste nordmann vart Hans Inge Klette på 16.-plass, medan Trym Dalset Lødøen kom på 22.-plass. Erik Kårvatn gjorde og eit kjempeløp og kom på 28. plass på tida 1:17:00,10. «Solid for ein unggut som enno har mykje å lære å kome inn på topp 30-lista», var kommentaren til NRK-reportaren.
Les heile saka
Påska markerer slutten for vinterens Stikk UT!-sesong, og i årets innspurt vart heile 22 000 turmål registrert. 10 000 turgåarar har deltatt på Stikk UT! Vinter i år, og totalt er nesten 150 000 turar registrert i årets sesong.
Les heile saka
Tysdag 18. april er det ny balldag på Todalshytta – som tidlegare er det fritt val mellom sildball med stekt flesk og potetball med saltkjøtt som tilbehør. Serveringa startar frå kl 15:00 og går heilt fram til kl 18:00. Bestill gjerne på epost arve@todalshytta.no eller på SMS/telefon 929 97 550.
No er det mykje hjort på innmarka – reknar med at den varme fønvinden har sett fart på nygrøå på innmarka, og det er nok «furkunnmat» for hjorten. Astrid Longva Kvendset har var på hjortesafari torsdag kveld, og har sendt oss bilder av fangsten ho gjorde. Tilsaman var det rundt 40 dyr – 30 på Ørsalhøgda, 5 i den gamle lysløypa og 5 mellom Oddøya og Halsabrua.
Les heile saka
I dag er det julaftan og 17. mai på ein gong for randonee. For første gong i historia blir ein individuell randonee-konkurranse sendt direkte på Norsk TV, og da er det sjølvsagt NRK1 som gjer det. Det blir totalt 17 kamera/droner som blir bruka i TV produksjonen. Sendinga startar kl 13.15, start damer kl 13.30 og start herrer kl 15.20.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 15. april i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.
Les heile saka
I samband med konfirmasjonsførebuinga inviterer konfirmantane no til messe i Åsskard kyrkje tysdag 18. april kl 19:00. Prest Torbjørn Brøske har i vinter stort sett undervist 15-åringane i deira eigne kyrkjer, Åsskard og skiftesvis Stangvik eller Todalen. Saman med han har konfirmantane i dei tre sokna øvd inn «Sju akter frå Jesu liv». Med sceneprega framføring av sentrale bibeltekster er dei hovudaktørar i tysdagens såkalla samtalegudsteneste.
Les heile saka
Frode Alnæs og femteklassingane i Surnadal kommune inviterer til eit lysteleg musikalsk møte på Surnadal kulturhus torsdag 20. april klokka 19:00. Det er berre å seie: Give Me 5!
Les heile saka
Rolf Langvatn som gjennom eit langt liv har vore viltforskar, der han i hovudsak har forske på hjort ved Songli forsøksgard i Orkland. Han la for dagen ein enorm kunnskap om forvaltning av hjorteviltet, og formidla det til dei frammøtte i Todalen ungdomshus. Surnadal Jeger- og fiskerforening overraska nok forsamlinga litt, da leiar Turid Settem Eggen tok ordet og nytta høvet til å utnemne Ragnar Halle som æresmedlem i Surnadal JFF og overrekte eit synleg bevis for heideren.
Les heile saka
Da er påskeferien over, og Torsdag 13. april klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fortsatt med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Denne veka er det verdscup i randonee i Tromsø – i dag er det vertikal som står på programmet og her står sjølvsagt det norske landslaget på strartstreken – medrekna todalingen Erik Kårvatn som denne gongen startar i seniorklassen. Dermed får han måle kreftene med dei aller sterkaste denne gongen.
Les heile saka
Todalen hjorteviltområde og Todalen ungdomshus inviterer onsdag 12. april klokka 19:00 til «Viltkveld» med Rolv Langvatn i Todalen ungdomshus. Langevatn har valt å kalle foredraget sitt «Et halvt århundre i norsk hjorteforskning og forvaltning – noen trekk fra utviklingen».
Les heile saka