Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Give Me 5! med Frode Alnæs

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. april 2023

Frode Alnæs og femteklassingane i Surnadal kommune inviterer til eit lysteleg musikalsk møte på Surnadal kulturhus torsdag 20. april klokka 19:00. Det er berre å seie: Give Me 5!

Les heile saka

Interessant viltkveld – og heider til Ragnar Halle

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. april 2023

Rolf Langvatn som gjennom eit langt liv har vore viltforskar, der han i hovudsak har forske på hjort ved Songli forsøksgard i Orkland. Han la for dagen ein enorm kunnskap om forvaltning av hjorteviltet, og formidla det til dei frammøtte i Todalen ungdomshus.  Surnadal Jeger- og fiskerforening overraska nok forsamlinga litt, da leiar Turid Settem Eggen tok ordet og nytta høvet til å utnemne Ragnar Halle som æresmedlem i Surnadal JFF og overrekte eit synleg bevis for heideren. 

Les heile saka

Bli med på trim i Trudvang i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. april 2023

Da er påskeferien over, og Torsdag 13. april klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fortsatt med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!

Les heile saka

WC i randonee i Tromsø denne veka – Erik vart nr 39

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. april 2023

Denne veka er det verdscup i randonee i Tromsø  – i dag er det vertikal som står på programmet og her står sjølvsagt det norske landslaget på strartstreken – medrekna todalingen Erik Kårvatn som denne gongen startar i seniorklassen.  Dermed får han måle kreftene med dei aller sterkaste denne gongen.  

Les heile saka

Inviterer til «Viltkveld» med Rolf Langvatn

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. april 2023

Todalen hjorteviltområde og Todalen ungdomshus inviterer onsdag 12. april klokka 19:00 til «Viltkveld» med Rolv Langvatn i Todalen ungdomshus. Langevatn har valt å kalle foredraget sitt «Et halvt århundre i norsk hjorteforskning og forvaltning – noen trekk fra utviklingen».

Les heile saka


Runda av påska med friluftsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Måndag 10. april 2023

Da friluftsgudstenesta på Tjønnmyran runda av med Todalssongen kom det nokre få regndråpar for å markere slutten på det fine påskevêret vi har hatt.  Det var Todalen sokneråd som tradisjonen tru arrangerte friluftsgudsteneste 2. påskedag, og det er faktisk ein like gamal tradisjon at det er finvêr under friluftsgudstenesta.  Mellom 50 og 60 personar var møtt fram og hadde installert seg i gapahuken på Tjønnmyra for å ta del i friluftsgudstenesta.

Les heile saka

Ha ein fin dag – og no kjem varmen!

Jon Olav Ørsal Sundag 9. april 2023

Ei lita overrasking og eit ønske om å ha ein fin dag hong urørt på eit skilt i Toåa tursti i dag tidleg.  Ei lita anonym helsing til ein like anonym finnar  – vi opna ikkje så vi veit ikkje kva som stod, men vi skulle kanskje vore dyktigare til å ønskje kvarandre ein god dag, eller eit ønskje om godt vêr.  

Les heile saka

Ny driftsleiar på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. april 2023

Anders Mo vart på årsmøtet til Todalen Idrettslag den 15. mars valt til ny driftsleiar på Hett & Svett. I dag var han og leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme, på plass for å ordne dei praktiske tinga i samand med at Anders no tek til i vervet. 

Les heile saka

Full trøkk og beinhard påskequiz

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. april 2023

14 lag mobliserte all tilgjengeleg kunnskap til påskequiz på Todalshytta langfredagskvelden, og jammen vart det kamp om posisjonane for ikkje å seie pallplassane etter kvart. Til slutt var det 4 poeng som sørga for ein trygg vinnarplass for det lokale laget Markarampen med 45 poeng.  På dei neste plassane kom Ranes United med 41 poeng og Torkjel & Co på tredjeplass med 40,5 poeng.   

Les heile saka

«Kjerringdilten» i strålande vêr

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. april 2023

Vêrgudane varta opp med strålande vêr og kjempe fint skiføre under årets «kjerringdilt. Knapt seksti peronsar tok turen opp til skihytta for å vere med på «Kjerringdilten» og for å få ein fin skitur i det fine påskevêret. Det er driftsstyret for skihytta i Todalen Idrettslag som står som arrangør av «Kjerringdilten». 

Les heile saka

Ung kunst til inntekt for Ukraina

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. april 2023

Ei lita solskinshistorie frå skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra i går. Ella Bruset, 10 år frå Lørenskog, med mamma fra Todalen, selde i går, under skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, bilete til inntekt for Redd Barna i Ukraina. 

Les heile saka