Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basar med stor givarglede

Jon Olav Ørsal Sundag 5. november 2023

Søndag ettermiddag var det tid for TIL-basar i Todalen Ungdomshus.  Økonomien i basaren var nok allereie sikra i førehandssalet, der det kom inn over 22.000 og med loddsalet på basaren og åresalet så var det nok godt over 30.000 og med kioskomsetning i tillegg.  Leiar i Todalen IL er godt nøgd med resultatet, og skryter av givargleda både her i bygda og blant vippskundane utafor bygda som er med og støttar laget.

Gjevt å få premie – alle som har vore med på aktivitetar fekk deltakarpremie som synleg bevis Foto Jon Olav Ørsal

I tillegg til loddsal var det og utdeling av belønning til trimmarane som har vore med på «Turar i Todalen» og sjølvsagt deltakarpremiar til den yngre garde som har delteke på arrangement på Bordholmen og på Tjønnmyran. Trimkonkurransen kjem som eiga sak, der vi har statistikk for dei 25 trimpostane med både deltakar tal og kven som har flest turar på dei forskjellige postane.

Leiar i Todalen IL nyttår høvet til å takke for alle gevinstane – både frå bedrifter og privatpersonar – og sjølvsagt rettar ho ein stor takk til alle som har kjøpt lodd både på førehandskjpet og på basaren.  

Det var eit hovedbord og eit dagbord – og stor interesse for loddkjøp. Foto BGA

Sjakk var ny aktivitet på basaren – er er det Markus og Endre som utfordrar dei små grå. Foto BGA.

Nedafor har vi trekningslister for hovudbordet og dagbordet som vart trekt på tampen av basaren søndag kveld.  

 

 

 

Publisert: 5. november 2023, 19:05