Måndag 1.mai startar Stikk UT! sommarsesong. Her er det både velkjende og nye turmål. I Surnadal er det tolv turmål, både Toåa tursti og Svinvikrunden er framleis med, to svært populære turar. Mulneset på Kvanne er nytt Stikk UT-turmål i år. Det er ein lett og fin tur med start frå Søyabanen.
Les heile saka
Ei av dei mest kjente turistforeiningshyttene har fått nye drivarar. Det er Trygve og Astrid Roaldset som no blir styrarpar på Innerdalshytta i år.
Innerdalshytta ligg vakkert til i det som er kjent som Norges vakraste dal.
Les heile saka
Det er eit sikkert vårteikn når pussemaskina dukkar opp for å samle inn igjen restar av strøsand og støv attpå vinteren. Etter at det vart bart rundt vegkantane har vi opplev at store bilar har vispa opp mykje støv og lort. En runde med pussemakina til Veidekke sørgjer for at støvplaga kjem bort.
Les heile saka
Torsdag 27. april tek stavgangssessongen til att etter vinteren. Da inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang langs Toåa.
Les heile saka
Siste måndagen i april var det kløvertur på Kvennset, god tur etter fin skogsveg for turgåarar.
Les heile saka
Denne veka er Maria Bergli å finne mellom reolane på Matkroken Todalen. I ei veke får ho prøve butikkyrket som ho tykkjer verkar spennande og dermed hadde lyst til å prøve seg. Maria går dette året i 9. klasse på Surnadal barne- og ungdomsskule, der ho enno har eit år att.
Les heile saka
Frivilligsentralen i Surnadal inviterer til onsdagskafe i lokala til Frivivilligsentralen onsdag 26. april klokka 15:00 – 18:00. «Dess fleire me er saman, dess trivlegare blir det!»
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag klokka 11.00. Liturg er Torbjørn Brøske medan Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
Onsdag 26. april klokka 19:00 kjem Teatret Vårt til Surnadal kulturhus med forestillinga «Danse med Skjebnen». Dette er eit underhaldande musikkteaterstykke basert på songane til Dance With a Stranger. Etter strålande tilbakemeldingar frå publikum over heile fylket, kjem stykket no altså til Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Fredag 28. april, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til 1. mai.
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. april klokka 16:30. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 24. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka