Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 5. juni til Tjønnmyra. Oppmøte ved Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 5. juni til Tjønnmyra. Oppmøte ved Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaTysdag 6. juni spelar Søya/Todalen sitt G 11-lag heimekamp på Bordholmen stadion klokka 18:00. Da skal heimelaget spele mot Kvass/Ulvungen, våre gode naboar på andre sida av fjorden, så dette blir med andre ord eit «klassisk» lokaloppgjer!
Les heile sakaLaurdag 10. juni inviterer Todalen historielag til historisk vandring på «Talgø-legmålet», eller om ein heller skal seie på Vestrum og Talgø gard for å være meir presis. Historielaget har hatt stor respons på desse vandringane – vi har opplevd stor interesse og stort engasjement, seier leiar John Moe. Denne gongen har dei mykje å vise fram og mykje å fortelje om, etter som det har budd folk som ein kjenner til heilt attover til først på 1600-talet, og kanskje enda lenger. Vandringa startar ved Vestrum, og fortsett til både Talgø Gard, Kokkhuset, Vassosen og kanskje til Trøa.
Les heile sakaTodalingane er dyktige til å ordne til for folk som vil gå turar i den vakre bygda. Det er stiar og sitteplassar fleire forskjellige plassar rundt om. Denne gongen tok stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen frå Bruset og opp dalen langs Toåa til Ramsøya. 17 trimmarar, med og utan stavar, hadde våga seg ut i det usikre veret.
Les heile sakaFør jul, fekk styret i Todalen Idrettslag eit brev frå Jakob Ranes, ein ivrig fotballspelar, med spørsmål om idrettslaget kunne kjøpe ein rebounder, Ein rebounder er ei metallrame med eit nett. Når ein skyt fotballen på nettet, kjem ballen att, så dette er ein fin måte å lære seg å skyte ballen kontrollert og å ta imot ballen att etterpå. Styret i idrettslaget var sjølvsagt positive til eit slikt initiativ frå eit ungt medlem.
Les heile sakaTodalsdagen 2023 går av stabelen 1. juli, og planlegginga av årets utgåve er godt igang. I år er det 30 år sidan den første utgåva av Todalsdagen vart arrangert i 1993. I år, som alle år, blir det TodalsCup i fotball for aldersgruppa 6 – 12 år. Invitasjon er sendt ut til laga, og påmeldingsfristen er fredag 23. juni.
Les heile sakaFrå 1. juni er sesongsalet av hagemøblar i gang på Hageland Surnadal, fortel Oddmund Jørgensen. – No gir vi 30 prosent på utvalgte modellar, som i utgangspunktet er modellar som etter kvart skal gå ut av kolleksjonen og dermed selges til redusert pris
Les heile sakaUngdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion tek form. I går kveld vart taket ferdig grunna, så no er både tak og veggar klare for å få siste «finish» før innreiinga av rommet kan ta til.
Les heile sakaSurnadal bibliotek har sidan 2019 arrangert «Litterært pusterom» på biblioteket på Skei. Som ein del av prosjektet «Ut av bibliotekrommet» vil biblioteket no tilby dette i andre delar av kommunen.
Les heile sakaPå grunn av sjukdom og dårleg ver, blir kveldens planlagde «Hjertemarsj» i Kavlvegen på Eidet avlyst. Dette melder arrangøren Surnadal demensforening og helselag i ein e-post til redaksjonen.
Les heile sakaI går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til austre Tussan. – Vi, 21 spreke pensjonistar, starta turen frå Haugaskaret og gjekk den svært så bratte lia opp til Austre Tussan, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa.
Les heile sakaI Talgø jobbes det med miljøtiltak hver eneste dag. Bærekraftsprofilen vår påvirker alle deler av driften, ikke minst når det gjelder god håndtering av eget avfall. Nå er nok et skritt mot en grønnere hverdag iverksatt. Talgø og leverandør Retura Midt inngår avtale for avfallshåndtering som berører store deler av konsernet.
Les heile saka