På grunn av nedbør, har Todalen Sokneråd flytta den planlagde gudstenesta i Svinviks arboret i dag til Todalen kyrkje klokka 11:00. Liturg denne søndagen er, som tidlegare annonsert, biskop i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme, medan Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
I morgon, måndag 14. august klokka 18:00 inviterer styret i Todalen Idrettslag til innflyttingsdugnad i det nye ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen, som no er klart til innflytting.
Les heile saka
Nei, det er ingen fare! Sjølv om piratflagget heng oppe ved Holmatrøa i Bordholmskogen, så er det ingen fare på ferde. Det er berre Siri Lund og sambuar Francesc Perez Baldo som har Holmatrøa som har vore her på Todalsferie. Siri har aner frå Todalen – nærare bestemt frå Oddøya.
Les heile saka
No er sommarpausen over og Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. august. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile saka
I samband med Surnadal Open som Surnadal kunstforening arrangerte vart det arrangert utstilling i 1. etg i Surnadal Billag på Surnadalsøra. Her var det mange utstillarar som var med, og «kunstbussen» som mellom anna var innong Odd Ingar Skrøvsets atelier i Todalen avslutta runden på Surnadalsøra.
Les heile saka
Operaen i Kristiansund og Stangvikfestivalen har denne veka arrangert sommarakademi i Prestegarden i Stangvika. Som avslutning på sommarakademiet kom heile gjengen til Todalen og arrangerte operakonsert i Todalen ungdomshus – de skjedde laurdagskvelden og konserten trekte fullt hus.
Les heile saka
Tysdag 15. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlagtil fjelltur til Ranessetra. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til parkeringsplassen ved Skeisnebba.
Les heile saka
Surnadal Open er i full gang med fleire arrangement gjennom heile dagen. «Kunstbussen» starta først til Stangvik, og fortsette til Todalen og besøk hos Odd Ingar Skrøvset som har fritidsbustad og atelier på Råssåkastet i Sissigrenda. Her vart det faktisk fullt hus, men Odd Ingar tok oss med på ein interessant presentasjon av sitt liv og virke, og spesielt ei kjapp innføring i kva grafikk er for noko.
Les heile saka
I regi av Surnadal Jeger og Fiskerforening ble det arrangert fiskekonkurranse for barn på Nordvik fredag kveld. Deltakelsen var bra med 20 deltakere, og 9 båter la ut på fjorden med ivrige barn ombord. På Nordvik er det mange gode fiskeplasser, slik som “Drøppingskallen”, “Sagbradden”, “Grunnskallen” og “Kobbskjerskallen”. Siden det har vært et godt Storseifiske i sommer var det store forhåpninger om gode fangster, noe som slo til.
Les heile saka
I år har dei politiske partia som stiller vallister til kommunevalet i Surnadal kommune, gått saman om felles distribusjon av partiprogramma og vallistene sine.
Les heile saka
Vegatrappa gikk til topps i konkurransen om Nordlands flotteste fjelltur. Det var NRK Nordland som har nominert eit titals flotte fjellturar og laga ein konkurranse mellom lyttarane. Det var mange sterke konkurrentar som deltok i konkurransen, men sist onsdag var det altså klart at Vegatrappa gikk heilt til topps, og kapra heile 28% av stemmene. – Vegatrappa er bygd i regi av det lokale idrettslaget, medan det er selskapet Tresteg og Gunnar Almlid som står bak ideen til prosjektet som stod klart til bruk våren 2019.
Les heile saka
Neste fredag (18. august) vil Jim-André Stene frå Trøndelag Sankeri og Kristina Svinvik på Svinvik Gard arrangere sankekurs og matopplevelse. Det er plass til 25 deltakere på kurset, og det er enna noen få plasser ledig for å bli med på kurset.
Les heile saka