Med rundt hundre påmeldte ser det ut til å bli rekordarta deltaking i Kårvatn Skyrace som går av stabelen komande laurdag. I skrivende stund er det 97 som er påmeldt, og det er skikkeleg rekord seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Vêrgudane er så absolutt samarbeidsvillige, og med eit par dagers sol og tørke no så blir det prima forhold i fjellet. Det skal konkurrerast i 6 forskjellige klassar med konkurranse og trim, og hovedløpet som går over 29 km har fått over 40 deltakarar i år. Dermed er det duka til kamp om medaljene på Kårvatn.
Les heile saka
Talgø Invest søker ny regnskaps- og lønnsmedarbeider med arbeidssted Talgøs hovedkontor i Todalen – her kan du lese hele hele stillingsannonsen som har søknasfrist 5. september:
Les heile saka
Det pågår no vedlikehaldsarbeid i Svinviktunnelen. Dette inneber at det blir kolonnekøyring gjenmom tunnelen heile dagen i dag.
Les heile saka
I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangtur til Leikaren på Mogstad. Det var skikkeleg fint turvêr for dei atten stavgangarane som møtte opp og tok turen opp skogsvegen og til Leikaren.
Les heile saka
Tysdag 15. august var siste dag for laks- og aurefisket i Toåa i år. Det vart eit år på det jamne, dersom vi ser dei 3 siste åra i samanheng. Det gjeld både talet på fanga laks, snittvekt og størrelse. Historisk sett er det eigentleg 3 forholdsvis svake år, der både pandemien og prøveordninga med […]
Les heile saka
I ei felles pressemelding frå dei sju politiske partia som stiller valliste til kommunevalet i Surnadal kommune 11. september, får vi informasjon om det «Politiske valtorget» som skal gå føre seg på kulturhusplassen framfor Surnadal kulturhus laurdag 19. august frå klokka 11:00 og utover ettermiddagen.
Les heile saka
Det er mange år sia dei siste elektroniske signala vart sent gjennom fastnettet til det ein gong var Televerket. Framtida er trådløs, og i dag er det berre trådløse tenester som har overlevd. No er det på tide å demontere alle kablar og pålar som har vore i teneste på hundrevis av år. Denne veka starta Trondheimsfirmaet BN Entreprenør med demontering av kablar og telefonpåla. Det er Tor Edvin Vik og Stig Sandblåst som har fått denne jobben for BN Entreprenør.
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Ranessetra. Det vart ein overlag fin tur for Fjellgruppa på den såkalla «trekantturen» til Ranessetra, seier rapporten frå turen.
Les heile saka
Valkampen er i full gang, og vi kan mesta dagleg lesa om politiske parti som i tur og orden har stand utafor butikkane rund om i kommunen. Denne gomgen er det Høgre som kjem til Todalen for å ha stand utafor Matkroken i Todalen. Det skjer torsdag 17. augus frå kl 16:00 og utover.
Les heile saka
Laurdag 19. august og søndag 20. august, frå klokka 12:00 – 16:00, inviterer Kristin Skrøvset Mogstad og Dordi Kjersti Mogstad til salsutstilling på låven i Austistua på Mogstad i Surnadal.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Laikaren torsdag 17. august klokka 11:00. Oppmøte og parkering på Mogstad.
Les heile saka
I går kveld var det innflyttardugnad i det nye aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen. Astrid Longva Kvendset frå Surnadal Håndverk har vore rådgjevar og inspirator for målararbeidet, og Happy Homes Surnadal har sponsa måling og målarutstyr til det nye aktivitetsrommet.
Les heile saka