Dette namneskiltet står oppi Romådalsvegen. Eit uvanleg namn,som har sin bakgrunn frå ei tid da hesten var det vanlege transportmidlet. Men kva betyr det? Kom med forslag, skreiv vi som tekst til dagens bilde 2. påskedag. Vi har fått 3 svar, frå Tor Holten, Wenche Kvendset og Anders Gjeldnes.
Les heile saka
Gudmund Husby driv tømmerhogst oppå Holå, ovafor Bekkerhagan boligfelt. Her skal han hogge 30-40 kubikk med gran som han sjølv planta i 10-årsalderen. Dei har altså stått omkring 50 år og er no mogne for å hoggast. Gudmund hadde dette lille granfeltet som 4H-oppgåve og fekk premiering for godt arbeid med oppgåva den gongen.
Les heile saka
Det blir sagt at Holmenkollstafetten er vårens vakraste eventyr, men vi tillater oss å halde ein knapp på at det er saulamminga som skal ha den æra. Sikkert er det i allfall at saulamminga no e kome igang og at det er litt av eit eventyr. I fjøset hos Bjørn Kvedset på Trøå lamma den første sauen måndag og nummer to kom på tysdag. Tilsaman 5 lam som såg ut til å ha det som plommen i egget.
Les heile saka
Årets friluftsgudsteneste på Haugligardane trekte eit 70-talls tilhørarar i det fine påskeværet. Det var nerast vindstille og sol frå blå himmel, og folk storkosa seg i det fine og varme vårværet. Det var sokneprest Bernt Venås som holdt årets preken. venås skrytte uhemma av den fine todalsnaturen da han ønska velkomen til gudsteneste, og sa at det her var finare enn i Peterskatedralen.
Les heile saka
Da er siste dagen i årets påskeferie snart omme, og etter veret å dømme med mange solbrune ansikt vil nok dei fleste vera godt nøgd med årets påskever. Det inneber at dette er den siste reportasjen i Sondre og Mari sine påskenøtter. Her er dei siste utvalde:
Les heile saka
Sidan butikken held stengt i dag, måtte Sondre og Mari ta turen på Pakkhuset Kro i går kveld for å treffe kandidatar
til dagens påskenøtter. Der var det mykje folk, og mange aktuelle å velje mellom. Her vart dei utvalde:
Les heile saka
Påskeaftan hadde Toril Redalen opning av kunstutstilling i Galleri Barbara i Sunndal kulturhus. Ho stiller ut saman med kunstnarvennen Ian Maeres frå Florida. Utstillinga blir ståande til slutten av april, fortel Toril. Galleriet er ope når kulturhuset er ope.
Les heile saka
Vi får stadig inn gode bilder, og fra mars måned har vi begynt å kåre månedens beste bilde. Her får du se hvilket bilde som vant prisen i mars.
Les heile saka
Påskelaurdag 3. april og Sondre og Mari fortsett med sin runde på butikken for å høyre korleis ulike folk rundt om i Todalen og omegn feirar påske, blandt anna. Her er dagens kandidatar:
Les heile saka
I dag var det kjerringdilt på Skihytta. Det var heile 43 som deltok i dilten. Ivar Bolme var nærmast gjennomsnittet av tida, så han vann. Emil Haugen Ansnes vann hopprennet. Det var sal av kaffi, pølse i brød, saft og kakestykke i kiosken.
Les heile saka
Det 82. seterrennet på Nordviksetra vart fullklaff med nærare hundre deltakarar på skirenna. Omkring 2oo personar møtte opp for enten å ta del i skirennet eller for å være publikummarar. Ein buss sørga for transport opp lia på høgde med setra og dermed vart det ein kort og lettvint skitur over til setergrenda med. På setervollen var det både langrenn, kulekjøring og hopprenn med god deltaking.
Les heile saka
Ny dag og nye moglegheiter til å bli temperaturmålt av Sondre og Mari på. Her kjem langfredagens to kandidatar:
Les heile saka