Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Manifest mot mobbing 2011 -2014

Manifest mot mobbing 2011 -2014

Dordi Jorunn Halle Måndag 21. mars 2011

Regjeringa ved statsminister Jens Stoltenberg har teke initiativ til
manifest mot mobbing. Målsetjinga er : «Et forpliktende samarbeid for et
godt og inkluderende oppvekst- og læringsmiljø».

Surnadal kommune har teke utfordringa frå regjeringa, og sist fredag var det
underskriving av manifestet ved Todalen oppvekstsenter. Frå kommunen stilte
ordførar og kommunalsjef, og Turid Hals Sæther, leiar i samarbeidsutvalet,
representerte foreldra.

Leiar i elevrådet, Christian Rovik, skreiv under
manifestet for elevane og lova å ta godt vare på dette dokumentet.
Dette er ei viktig sak, og skal vi lykkast med å få ein skule der alle
trivst, er det heilt klart at alle partar må smarbeide.

Vi fekk besøk av ordførar Mons Otnes, kommunalsjef Astrid Mogstad
Høivik og leiar i samarbeidsutvalet Turid Hals Sæther.
 

Leiar i elevrådet skriv under manifest mot mobbing.

Leiar i elevrådet og ordføraren.


Elevrådet ved skulen: Steinar, Frikk, Christian, Emma, Marit
Ingeborg og  Bror.

Først publisert: 21. mars 2011, 06:28 - Sist oppdatert: 20. mars 2011, 22:42