Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
90-årsjubileum ved Todalen oppvekstsenter!

90-årsjubileum ved Todalen oppvekstsenter!

Ole Petter Talgø Fredag 18. mars 2011

Todalen oppvekstsenter markerer skulebygninga sitt 90. skuleår med ein jubileumsfest laurdag 9.april 2011.

Andre skular og barnehagar i kommunen har feira ulike jubileum det siste året, men dei er berre “ungdommar” i forhold til skulen vår. Skulen vil lage ei utstilling med gamle og nye ting, elevarbeid, filmsnuttar og bilete. Vi ynskjer oss også historier frå skulekvardagen, så dersom nokon har ein god historie eller eit minne frå skulen, vil vi gjerne høyre om dette. Vi vil gå ut med ei oppfordring til både gamle og nye elevar til å bidra her.

Til å lage utstilling treng vi di hjelp, så om du har ein skulesekk liggande, ny eller gamal, vi er interessert i å få til ein årskavalkade av skulesekkar oppgjennom tida. Vi ynskjer og å samle inn så mange skulebilete/klassebilete som mogleg for ei utstilling.

FAU(foreldrearbeidsutvalet) vil vere ansvarleg for den praktiske delen av arrangementet, men vi ynskjer å engasjerer resten av foreldregruppa og. FAU skal møtast igjen for nærmare planlegging: Måndag 21.mars kl 18.30 i skulen.
Alle foreldre/foresatte og andre interesserte som har lyst til å vera med, er velkomne på møtet!
Ta kontakt med Turid på mobil 91 57 37 37 eller Ragna på mobil 48 000 144, om du har gamle/nye skulesekkar eller bilete.

– FAU ved Todalen Oppvekstsenter

Publisert: 18. mars 2011, 03:20