Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nye toalett i Ungdomshuset

Nye toalett i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2011

Da ungdomshuset vart oppussa til «Det store jubileumsåret» i 2008, vart det ikkje gjort noko med toaletta i kjellaren. Dels på grunn av økonomi, men også på grunn av at det vart for kort tid til skikkeleg planleggjing. No er arbeidet i gang, og snekkarane Gunnar Nordvik og Lars Kvendset, sammen med Comfort Surnadal starta tysdag 22. mars. Det blir no 3 toalett i kjellaren, der det eine blir godkjent for handikappa, fortel husformann John Moe i ein e-post til Todalen.no.

I tillegg skal det skiftast ytterdører i heile huset, og arbeidet skal væra ferdig til konfirmasjonshelga i mai (15/5). I same e-psoten står det at på grunn av dette arbeidet er årsmøtet i Todalen Elveeigarlag den 31.3. flytta til Sanitetshuset.

Først publisert: 23. mars 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 22. mars 2011, 22:27