Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotstell med vinkelsliper

Fotstell med vinkelsliper

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mars 2011

Det er ikkje berre i Sanitetshuset det foregår fotpleie. Det er nødvendig å pynte på klauvene til kyrne også, og det behovet har forsteka seg etter at det vart pålegg om å bruke gummimatter i båsane, fortel Frode Grønmyr hos Todalen Samdrift. Gummimattene gir mindre slitasje på klauvene, og klauvene må skjerast ned for å sikre god beistilling og samtidig kontrolleres og behandles eventuelle skader. Dette blir gjort ein gong i året hos Todalen Samdrift, fortel Frode.

Torsdag var rindalingen Trond Løfaldli hos Todalen Samdrift med den hydraliske klauvbåsen sin for å stelle klauvene på alle kyrne, unnateke dei som skal kalve dei neste to månadane. Dei som snart skal kalve må vente til seinare.  Løfaldli har ein moderne og hydraulisk klauvbås som er veldig effektiv og har god arbeidsstillling. Og det trengs, for denne dagen gjorde han unna 31 kyr hos todalen Samdrift.

Publisert: 18. mars 2011, 10:00