Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein smak av vår…

Ein smak av vår…

Jon Olav Ørsal Sundag 20. mars 2011

I helga har det vore ein liten smak av vår i Todalen. Blå himmel og sol på laurdag og slett ikkje dårleg vær søndag heller, med opptil 10 grader. På ein liten spasertur som gikk «litj-rundt», trefte vi nokre som var ute i same ærend og som håpa at det snart er tid for meir vårvær. 

Værmeldinga tilbyr mykje regn dei første dagane, med over 50 mm nedbør måndag. Da er det lurt å sikre at vatnet får avløp i stikkrenner osv. Men det vil vel også hjelpe på snøsmeltinga og sett fortgang på våren.

Publisert: 20. mars 2011, 19:45