Årets randonee-helg er nummer 12 i rekkja og nytt i år er at arrangementet går over tre dagar – startar med sprint som blir arrangert i Sæterlia i Surnadal, medan individuell og vertikal blir arrangert i Dalalia slik som før. Nettsida er forlengst opna for påmelding til arrangementet og her vil det være mulig å melde seg på fram til onsdag kveld den 7. februar kl 23.59. Det rapporteres om fine forhold i fjellet, og sinast i skrivande stund måndag ettermiddag er det påfyll med meir snø – i helga har det vore pudderføre i Dalalia så her er det berre å gle seg til konkurransen. Arrangør er Trollheimen Fjellsportklubb.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening heldt årsmøte i Sanitetshuset 6. februar, – eit møte med godt oppmøte og gode diskusjonar. Fungerande leiar Solveig Glærum ønskte vel møtt, og ho syntest det var kjekt at oppslutninga om årsmøtet var så bra!
Les heile saka
Da vart vi straumlause i store delar av Todalen. Det var litt etter halv sju at straumen forsvann. På biletet, som Ingri Bruset har teke, ser vi at det brenn i ei straummast, som er årsaka til dette.
Les heile saka
Med Sparebank1 Nordmøre som arrangør er det klart for Næringslivsdagen 2023. Det skjer onsdag 30. mars, og banken oppfordrar både firma og privatpersonar til å delta på Næringslivsdagen i Surnadal. -Vi held på og kjem i mål med programmet, og har mykje interessant å by på denne dagen, seier banksjef Allan Troelsen i Sparebank1 Nordmøre. Han fortel at det har vore jobba llenge i banken for å få til eit bra og interessant program som fenger skikkeleg.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra 9nsdag 7. fabruar klokka 18:00 – 19:00. Det blir servert saft etterpå, og det blir fyrt i paisen i gapahuken. Barne- og ungdomsgruppa lover nypreparerte løyper og fine forhold for å gå på ski.
Les heile saka
Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv nettsida wikipedia.org om temaet. På nettsida morsmål.no kan du lese meir om samane sin nasjonaldag.
Søndag 11. februar er det morsdag, så fredag 9. februar, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Lia gard til morsdagsutsal i bakeriutsalet sitt i Lia. Så da blir det mogleg å få kjøpt noko godt for å overraske mor! Det blir også mogleg å få kjøpt både grovbrød og knekkebrød.
Les heile saka
Ein månad inn det nye året, vi gjer oss klare for å finne 2024 sin første vinnar i kåringa av det beste innsendte bilete. Naturen sine eigne ljosglimt, frost finare enn eit julekort og vebju er stikkord for denne runde.
Les heile saka
Litt over to år etter at hengebrua over Toåa i Brusetmarka over til Heggøysida, fekk skade av vind, har stormen som herja i går ettermiddag og kveld skada den ytre wiren slik at hengebrua har vorte skeiv. Svenn Rune Kjølstad, som er nabo til hengebrua, advarer på Oppslagstavle Todalen folk å ferdast over brua, spesielt no når det er snø og is, advarer han.
Les heile saka
I går var det ein stor dag med selebert besøk av både preses, biskop og prost i Todalskyrkja, men for lille Ebba med etternamn Ansnes var nok dagen i dag enda større. Under søndagens gudsteneste vart ho båret til dåpen i kyrkja, og fekk altså namnet Ebba. Søndag var det ordinær gudsteneste i kyrkja, og dåpshandlinga var altså ein del av gudstenesta på same måten som nattverden var det.
Les heile saka
Utover ettermiddagen var det skikkelege vindrosser som gikk oppover bygda – faktisk var målingane tett opp mot orkan i kasta. Kristen Bruset har ein målestasjon som også måler vind, og laurdag ettermiddag var det målt 30 m/sek i Brusetnesset. Det vart i meste laget for eit av dei store tuntrea på Todalshytta, og dermed bar det overende med det store treet.
Les heile saka
Frå torsdag til i morgon, søndag, er Møre bispedøme og biskop Ingeborg Midtømme vertskap for preses i Bispemøtet Olav Fykse Tveit, som er desse dagane er på nordmørsbesøk. I dag tok dei to, saman med prost Vidar Wilhelmsen Rygh i Indre Nordmøre prosti turen til Todalen. Først var dei innom kaffekroken på Matkroken Todalen for ein uformell samtale og kaffelag, før turen gikk vidare til Todalen kyrkje for aftensong der.
Les heile saka