Søndag dukka det opp spor etter bjørnen på Kårvatn. Etter fara å dømme har han hatt tilhold der eit par dagar. Det er observert bjørnespor både i hyttefeltet og i nærheten av fjøset. I løpet av natta har han vore ca 30 meter frå fjøset, der dei fann fesrske far etter han. Fjøset er fullt av Angus kjøttfe som skal ut på beite i Gammeldseterdalen om nokre veker, så snart det er barmark.
Les heile saka
Frå lagledelsen for G14 laget Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen har vi fått oppfordringar til å stille på Søyabanen til eit av sesongens store lokaloppgjør. Då spelar dei mot Sunndal, eit lag som heller ikkje har mista poeng så langt i serien.
Les heile saka
I dag opna Gudmund og Wenche Kvendset dørene ut i det fri for krøttera. Etter ein lang og kald vinter innomhus var det godt å kome ut og strekke på beina og faktisk så tek det til å bli grønt på marka. Sjølv om også våren har vore lang og kald, er det no tegn på at det endeleg går mot sommar.
Les heile saka
Avisa Driva har fredag stort oppslag over 3 sider, der Finn Talgø foreslår at kommunane på Indre Nordmøre går sammen til ein stor kommune for å løyse dei problema og utfordringane dei står overfor. Ordførarane i Sunndal og Surnadal er ikkje heil fjærn for tanken, medan det er langre igjen i Rindal og Halsa. Det hjelper kanskje at tanken får modne?
Les heile saka
10.mai slås det et slag for fysisk aktivitet livet ut. Surnadal Velværesenter markerer Verdens aktivitetsdag med senior-pilates klokka 12.00, og tilbyr alle gjestene oppskåret frukt og nøtter, samt litt enkel informasjon for treningsøvelser for de eldre. Samtidig oppfordrer de alle spreke eldre til å ta med seg andre på trening!
Les heile saka
Laurdag opnar Svinviks arboret porten for sesongen. Rhododendron har teke til å blomstra, men etter ein lang og kald vinter tek det enno litt tid før blomstringa er på topp. I år varer sesongen frå 8. mai og fram til 15. august, og opningtida i sesongen blir torsdag-søndag kl. 12-17.
Les heile saka
Måndag kveld (kl 18) er det dugnad på Todalen kyrkjegard. Kyrkjeverga oppfordrar bygdafolket til å hjelpe til med å rette opp skeive gravstøtter og rydde opp etter ein lang og kald vinter. Dei oppfordrar karane til å ta med trillebår, spett og spade, medan kvinnfolka bør ta med rive.
Les heile saka
Ålvundfjord grendalag arrangerte ”Farra Fjor’n” for første gong i fjor sommar. Dei samla da 110 personar med smått og stort, og dro til Stangvik på besøk. I år vil dei fortsatt halde seg innafor ”gamle Stangvik” og drar andre vegen til Todalen på besøk. Laurdag 12. juni er det klart for avgang i retning Todalen, der dei har aliert seg med bygdemobiliseringsprosjektet ”Godt mot, Todalen”.
Les heile saka
Å halde seg orientert om kva som skjer i nærmiljøet er pensum i skulen i dag. Onsdag var derfor 5.-6. og 7. klasse ved Todalen skule på besøk til Talgø Møbelfabrikk på Kvennset, sammen med Solvor Røen som helt troppene samla. På Talgø fekk dei omvisning i produksjonen og på kontor av produksjonsleder John Moe.
Les heile saka
Det er mesta dagligdags med meldinger om bjørnespor no for tida. Men i Todalen er det nok ei stund sia det har vore observert bjørnespor, men i onsdag kveld var det eit faktum. Det var Anita Brøske Nordvik som var i området på trimtur, som tilfeldig oppdaga ferske bjørnespor på vegen som går frå kufella og utover til TV-masta på Hjellnes.
Les heile saka
Laurdag 8. mai kl 11 arrangerer det «nye» Surnadal skoglag den første skogdagen etter at skoglaga på «indre» vart slegne saman. På programmet står mellom anna framvisning av den nye skogbilvegen på 4,8 km og orientering av bygginga. Vidare vil fylkesskogmester Harald Nymoen orientere om tilskotsordningar frå stat og fylke til vegbygging.
Les heile saka
Barne-tv serien «Fjellgarden i Trollheimen» har no starta visningane på kontinentet. Gudmund Kårvatn har allereie fått tilbakemeldingar frå salgsavdelinga for serien på på dette fengar. Det Koreanske tv selskapet EBS (Educational Broadcasting System) er no akkurat ferdig med å sende dei 12 episodane som vi og har sett. Serien hadde i gjennomsnitt 1 million sjåarar per visning. I følgje dei sjølv er dette eit meget tilfredsstillande resultat.
Les heile saka