Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stiller ut på Hamar

Stiller ut på Hamar

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. april 2011

Denne helga er salgsapparatet til Talgø på Hamar for å vise seg fram for møbelkjeda Bohus. Bohus har samla alle sine 50-60 utvalde leverandørar i Vikingeskipet på Hamar, for å vise nyheiter som skal inn i kolleksjonen utover sommaren og hausten. Hit kjem folk frå alle landets Bohus-butikkar, både eigarar og butikkansatte for å sjå og gjere seg kjent med nyheitene dei snart får i butikken. Messa starta fredag og skal halde det gåande fram til søndag ettermiddag.

Rune er tydeleg stolt av Talgøs stand på messa, og fortel at dei har fått mykje skryt både for messestanden og produkta som stilles ut. Han gir ros til marketingsjef  Heid Snekvik og PU-sjef Anita Talgø som har planlagt og bygd opp Talgøs messestand i Vikingeskipet.  I utstillinga er det sjølvsagt lagt mest vekt på møblane som stilles ut, men dei nyttar også høvet til å informere litt om heile konsernet, der T-komponent og MøreTre er representert.

Rune fortel vidare at det har vore ei veldig fin utvikling på møbelsalget i Bohus  i år. Salgstala tegnar til å kome langt betre ut enn i 2010, sjølv om det også var eit kronår med 25% auke. Heile selgarstaben deltek på Bohus messa. Dei er no 7 i talet, og nye fjes i år er Roger Luneborg og Bjørn Brusethaug Redalen.

Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri fra bohusmessa i Vikingeskipet.                   Alle foto: Heid Snekvik/Rune Moe

Først publisert: 9. april 2011, 10:45 - Sist oppdatert: 11. april 2011, 08:15