Fra Knut Haugen har vi fått en situasjonsrapport fra generalprøven før Norway Cup:
Det ble tap 1-2 mot Sunndal i generalprøven før vi reiser til Norway Cup. Kampen ble spilt i 3 omganger a 25 minutter på Ålvundfjord stadion. Med 3 omganger fikk vi en ekstra pause for å prate med spillerne, gjøre bytter og formasjonsendringer.
Stangvikfestivalen – forspel på Pakkhuset Kro
Som tidlegare meldt på Todalen.no startar programmet i Todalen på Pakkhuset Kro med forspel. Det skjer torsdag 29. juli og forestillinga startar kl 20.00. Her kan du laste ned heile programmet som PDF-dokument.
Mykje folk på oppskyting
Måndagskveldar blir det arrangert oppskyting av Søya og Todalen Skyttarlag, og vi har fått bilete frå oppskytinga i går. Den foregikk på skytebanen til skyttarlaget i Ranheimsvingen på Kvanne, og det var så mykje folk som møtte at alle skytebanene var fulle heile tida.
Les heile sakaValsøybotn: Fosskonserten i kveld
Årets store høgdepunkt i Valsøybotn foregår i kveld. Fosskonserten samlar mykje folk i den spektakulære konsertarenaen der scena ligg tett inntil Fossen innerst i Valsøybotn. I år er det Hellbillies og CC Cowboys som er attraksjonane, og det er venta 2-3.000 publikummarar til arrangementet. Det er salg av billettar og parkering frå kl 15.00 og musikk frå «Den Lille Scenen» frå kl. 16.30 til kl. 19.00, før hovudkonserten tek til kl 19.30. Billett får du kjøpt ved inngangen og kostar kr 380. For born 7-14 er prisen kr 100. Det er Halsa Historielag som er arrangør. Les meir på heimesida http://www.fosskonserten.no/.
…da e det fint i fjellå
Endeleg vart det nokre dagar med finvêr og sol. Da måtte det bli tur til Lauvåfjellet for å nyte sommaren og freden i fjellet. Turen opp lia er dryg i Todalen, og kvennsetlia er ikkje noko unnatak. Man sjølv om det er dryg når det «står på», så får ein skikkeleg belønning når ein kjem opp. Det finns neppe nokon betre følelse enn å få av seg ryggsekken og ta ein lang pause med panoramautsikt som ekstra bonus.
Les heile sakaStamfisket er i gang
Fisket etter stamlaks er igang. Vi har fått bilete nokre bilete frå aksjonen som gikk føre seg ved Ramsøya for eit par dagar sidan, og resultat vart det. Stamlaksen vart frakta til Stamlakshuset i Brusetmarka, der har skal strykast seinare i haust. Det blir fleire omgangar med stamfiske gjennom heile sesongen til antal og fordeling på kjønn er tilfredstillande for å føre genene til todalslaksen vidare inn i framtida.
Les heile sakaOppkjøringen til Norway Cup er i full gang
I det opprinnelige oppsettet hadde vi to kamper søndag og spillefri mandag, mens vi nå har fått en kamp hver dag. Dette er nok et bedre opplegg for oss sportslig sett. Vi har kommet i en spennende gruppe, der vi gleder oss spesielt til å møte det østerrikske regionlaget Inneres Ennstal Gaflenz. Sannsynligviser dette en svært tøff motstander, men samtidig artig å spille mot en utenlandsk motstander. Men Geilo og Langhus blir også tøffe motstandere. Begge lagene består av bare 96-modeller, og de gjør det bra i sine 1. div. avdelinger i henholdsvis Buskerud og Oslo fotballkrets.
Les heile sakaTurtips – Rambjøra
På Rambjøra er det kjempefin utsikt både utover «fysnin» og innover Todalen og Trollheimen. Du kan starte ved Inneråa og følgje traktorvegen oppover Halsetlia, og vidare etter sti opp Litjfjellet til Vassnebbvatnet. Vidare opp til skaret mellom Vassnebba og Rambjøra og følge ryggen utover til toppen på Rambjøra.
Les heile sakaTurtips – Vangshaugen og fjellgardane
Ein anna fin dagstur er biltur til fjellgardane i Sunndalsfjella. På denne turen får du med deg mykje og kjørelengda er ca 10-12 mil ein veg, alt etter korleis du kjører. Her kjører du til Sunndalsøra og oppover til Gjøra, der du tek til høgre og oppover til fjells. Først kjem du til utsikten til Åmotan/Jenstad-juvet. Her er det faktisk 4 elvar som renn saman til ei i eit imponerande skue.
Les heile sakaNysnø på toppane
Fredag morgon vakna vi til nysnø på toppane på Snøfjellet og Skjerdingfjellet. Det var nok ikkje uventa med det regnværet og einsifra temperatur torsdag kveld. Fredag starta imidlertid med blå himmel og sol, og værmeldinga på yr.no lovar bra vær i fleire dagar framover. Temperaturane blir nok ikkje det heilt store, men det blir vel såpass at ein kan kalle det sommartemperatur. Finværsmeldingane vil nok prege aktiviteten i Todalen.no eit par dagar også.
Ferjelemmen reparert
Kvennaferga er koma i trafikk igjen, etter at fergekaia på Rykkjem noe er reparert. Det er nettstaden Driva.no som melder om dette. Det var torsdag kveld at «Goma» fikk problemer med å legge til på Rykkjem, da hydraulikken på kaianlegget svikta.
Turtips – Otnesbrygga i Valsøyfjorden
Ein høveleg dagtur med bil – Otnesbrygga ligg i Otnesbukta i Valsøyfjorden, drygt 70 km kjøring fra Todalen, via Skei og vidare forbi Liabø på Vågland til Otnes. I den idylliske Otnesbukta finn du den gamle Otnesbrygga, der det drives kafeteria om sammaren, samt forskjellige kulturarrangement. Like ved ligg også det nystarta Elstad-museet.
Les heile saka