Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julegaveinnsamling

Julegaveinnsamling

Elinor Bolme Torsdag 27. oktober 2011

Todalen Sanitetsforening dreg i gang julegaveinnsamling til Estlandsforeninga i år som i fjor. Dette er av same art som klesinnsamlinga, då julegavane bli sendt ned til Estland med Estlandsforeninga som har sine kontaktar i Rindal. Saniteten har i fleire år arrangert klesinnsamlingar, men ønska i fjor også å bidra enda meir med å sende julegåver nedover. Tirsdag ettermiddag frå klokka 18-19.30 er det difor høve til å svippe nedom Sanitetshuset med eit lite bidrag. Pakkane må vera innpakka og merka med kven innhaldet egnast til. Feks «gutt 7» eller «mann».

Her kan du sjå resultatet i fjor.

Går du inn på www.estlandsforeningen.no kan du kanskje sjå att noko du sjølv har gjeve frå deg.

Publisert: 27. oktober 2011, 21:31