Todalen Idrettslag ligg på ein solid andreplass i Møre og Romsdal etter at Norsk Tipping har gjordt opp statusen på fjorårets totale grasrotandel. Grasrotandelen er ei lettent inntekt til lag og organisasjoner som registrerer seg i Frivilligheitsregisteret. Kvar gong ein som har ein registrert grasrotmottakar då tippar, vil 5% av innsatsen gå til «ditt» registrerte lag eller organisasjon.
Les heile saka
Fredag samla Talgø-konsernet alle ansatte i Storstua på kulturhuset for å informere om prosessen med omprofilering av bedriftene. Dette gjeld T-Komponent i Rindal, MøreTre i Surnadal, Talgø Møbelfabrikk i Todalen og den nye bedrifta Talgø Logistikk som driftar lageret på Vinstra. Talgø blir varemerket for alle disse frå D-dagen som er 1. mars, fortel marketingsjef Heid Snekvik i Talgø Invest.
Les heile saka
Arnt Ivar Brøndbo melder om at det er det er kjørt på sport frå Innerdalsmerket, via Tristeinan og til Skihytta på Ørsalfjellet. Det er også kjørt opp spor fra enden av skogsbilvegen i Øyalia og til Skihytta. Han rapporterer om godt skiføre og fine forhold, men oppførdrar alle til å være forsiktige, og ikkje bevege seg inn i rasfarlege områder. Finn fram skiene og dra til fjells!
Snø, kulde og julefeiring har vært stikkord for bileta vi har fått inn den siste månaden. No er det på tide å kåre månadens bilete for desember, og det siste månadens bilete for i år. Det vil også bli siste kandidat til den gjeve tittelen årets bilete.
Les heile saka
Nathan Lediard driver firmaet Lediard Fotografi i Surnadal og er nok mest kjent som portrettfotograf og som helt til i lokalene til Børre Strand. Men Nathan kan meir enn å fotografere folk, og han seier at stadig større andel av oppdraga er oppdrag for industri og forretningsføremål. Måndag var han på Gammelfabrikken, der oppdraget var å fotografere nytt badinteriør til Talgø-kolleksjonen.
Les heile saka
Skigruppa startar med «Barn i løypa» i lysløypa førstkomande torsdag kl 18. Ledar Frode Grønmyr fortel at dei vil nytte det gode føret og fine førforholda som er i lysløpa no. Plana er å arrangere «Barn i løypa» kvar torsdag utover vinteren, så lenge det er føre til det. Han minner også om at det er høve til å ta skimerket desse kveldane og at arrangementet er ope for alle som vil prøve skiene i løypa. Så her er det berre å finne fram skiene og «Blå-Swixen» og møte opp ved Fellesfjøset torsdag kl 18. Skigruppa serverer varm saft etter skituren.
Heilt sidan starten i august 2009 har det vore fin utvikling i besøkstala på Todalen.no. Frå den spede start, med 1.910 som var innom den første månaden hadde vi toppmånaden i november 2010 med 15.500 besøk. Derav var det 2.920 unike (forskjellige) besøk. Dette er vi sjølvsagt godt nøgd med, og vi reknar nok med at taket snart er nådd no. Det har vore jamn auke heile tida og i desember 2010 var det 14.770 som var innom. Det er ein auke på 89 %, frå 7.787 i desember i fjor.
Les heile saka
Tysdag 18. januar inviterer surnadal Sparebank til «Næringslivsdag» i kulturhuset. Dei har mykje å by på, og det kjem kjente størrelsar som Bjørn Kjos (Norwegian), Knut Jørgen Røed Ødegaard (kjent astrofysiker), Kitty Eide (Shell) og mange fleire. Ove Snurruås er konferansier. Påmeldingsfristen er 15. januar. Sjå plakaten for påmelding
Etter vel 2 døgn utan straum, er det fortsatt ikkje vorte ei løysing på straummangelen på Kårvatn. Svorka har til no no helde på både på dag og natt for å spora opp feilen, utan hell.
I går på ettermiddagen måtte dei difor oppover med eit strømagregat slik at drifta skulle kunne gå som vanleg.
Les heile saka
I ein stor time i går kveld var deler av Todalen utan straum. Her var begge sidene av bygda råka, og måtte ta i bruk siste rest av julelys. Men også i løpet av natta hadde han vore borte, og i den anledning er dei på Kårvatn framleis utan straum. Svorka har vore på plass heile dagen for å prøve å finna feilen, utan hell. Dei har difor ordna med agregat slik at familien Kårvatn ikkje er heilt utan hjelpemidler.
Les heile saka
Brit Grønmyr er til dagleg naturvernledar i Rauma kommune, og har sitt virke på Åndalsnes. I haust har ho vore ein månad i Kanada, der ho har delteke i feltarbeid for Universitetet i Alberta. Vi har fått reisebrev frå Brit, der ho fortel litt om opphaldet i Kanada og den spennande jobben i Kanadas dype skoger. I tillegg har vi fått mange bilde som vi legg ut i galleriet nedafor. Her kan du lese reisebrevet:
Les heile saka
På årets siste dag nytta Kvennligutane god tilgang på lokale råvarer til å bygge ein stor og flott snømann; Kalle. Regnværet utover dagen sørgja for at det ikkje var noko langt liv for Kalle. Men meteorologane lovar meir snø, så det kan hende at Kalle får eit nytt liv etter kvart. Dei helsar godt nyttår, og lurer på omdet finns fleire fine snømenn rundt omkring bygda?