I helga har det vore arrangert NM i Telemark i Molde. Frå Todalen var det denne gongen to representantar; Ola Talgø og Emil Haugen Ansnes. NM starta med storslalom fredag kveld, der Ola kom på 24. plass og Emil kom på 25. plass.
Les heile saka
I helga har det vore arrangert NM i Telemark i Molde. Frå Todalen var det denne gongen to representantar; Ola Talgø og Emil Haugen Ansnes. NM starta med storslalom fredag kveld, der Ola kom på 24. plass og Emil kom på 25. plass.
Les heile sakaI helga har det våre tårnagentghelg for dei yngste. Det starta med skattejakt på laurdag og fortsette med familiegudsteneste på søndag. Det var dei yngste klassane på skulen som var invitert denne gongen, og det var knytta stor spenning til skattejakta som gikk ut på å leita fram ting som var merka rundt om i heile kyrkja. Skattejegrane skulle finne ein ting som dei skulle namngi, og ut i fra heile fangsten skulle dei få til eit løysingaord, som denne gongen vart kyrkjeagent.
Les heile sakaDet er no fint føre i fjellet, og vêrmeldinga til søndag er sol og 3-4 kuldegrader med nesten stille. Finn du ein fin rabb i sola så kan du kose deg i sola. I liene er det fin puddersnø, medan det har vore litt fokk når du kjem oppå fjellet. Det var ingen stor utfart laurdag, men søndag er meldingane betre. Frå Innerdalsmerket er det kjørt opp fint spor til Tristeinan. Finn fram skiene og ta ein tur!
Les heile sakaLeiaren i Start 4H, Marte Talgø fekk i dag ein uventa epost frå 4H Norge. Start 4H hadde vorte vinnar av vervekampanjen i 2010. Start hadde i fjor heile 12 nyinnmeldte medlemar. Altså best i heile Møre og Romsdal. Talet vart såpass høgt sidan klubben rakk å registrere flesteparten av dei nye aspirantane før 15. desember. Landsvinnaren vart Frosta 4H frå Nord Trøndelag.
Les heile saka«Surnadalsrussen står i brann» er namnet på årets russerevy som har premiere i Storstua på kulturhuset onsdag 23. februar. Brann blir eit slags gjennomgangstema i årets revy, og revygjengen lovar mykje god underhaldning gjennom framsyninga. Det et sett opp 4 framsyningar for revyen, som går frå onsdag 23. til laurdag 26. februar. I skrivande stund er det billettar att på alle framsyningane, men det det tetnar til no så her er det berre å svinge seg rundt. Her kan du kjøpe billett elektronisk på Billettluka.
Det er ikkje alltid det går som ein har sett seg mål. Men det ordnar seg som oftast lell. Difor er vi glade for å kunna fortsetta med bloggen vår i 2011 og. Denne gongen skal vi ikkje så langt heimafrå, sett frå Todalen, nemleg til Kristiansund og Linda Tørset. Vel bekomme!
Les heile sakaStart 4H melder om at Fritidsklubben som arrangerast førstkommande onsdag utgår. Dette fordi dei arrangerer medlemsmøte på skulen i staden. Her vil dei ulike prosjekta delast inn i arbeidsgrupper for dei med like prosjekt. Styret i klubben håpar på god deltaking av både ungar og foreldre.
Les heile sakaArrangørane av det asiatiske matkurset melder om litt forvirring i anledning av arrangement. Kurskveldane er både 24. og 25. februar. Og karar har også høve til å melde seg på desse kveldane.
Les heile sakaSøndag 20. februar kl 11.00 er det familiegudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Barn deltek i gudstenesta som tårnagentar. Offer til Nordmøre Søndagsskulekrets. Her finn du plakaten.
I morgontimane i dag har det vorte skote ein hannjerv på 13,3 kilo på Kårvatn. Todalen.no har desverre ingen bilder av jerven, da den allereie er vorte frakta til Surnadal slik at Statens Naturoppsyn får besiktige den.
Les heile sakaSjølv om mange no lengtar etter våren, var det i januar bileta av mørk og stemningsfull vinter som var mest populære. Månelyst, av Kristine Saksen Ulvund, og Vakre Todalen, av Oda Halle, fikk flest stemmer, men Månelyst fikk ein knepen seier.
Les heile sakaSom dei aller fleste har lagt merke til, så er Kristine Saksen Ulvund ein aktiv fotograf. Ho er ein av todalen.no sine faste bidragsytarar, med motiv av det meste. Vi har tidlegare òg omtala at ho har nokre bileter utstilt på Elisabeths Atelier i Trondheim.
Les heile saka