Sportsnæringa på landsbasis slit i følge nasjonale media for tida då det er for lite snø til at folk handlar tilstrekkeleg. Men dette gjeld ikkje for Kårvatn Fjellutstyr AS kan medeigar og for anledning butikkmann Gudmund Kårvatn fortelje då todalen.no var oppom låvebutikken for å ta pulsen på julehandelen laurdag. Her går det slettes ikkje roleg for seg med skisalget kunne han fortelja, då han i løpet av føremiddagen venta fleire langvegsfarande frå både Averøya og Kristiansund som hadde meldt sin ankomst for å handle SkiTrab randonèutstyr.
Les heile saka
Førjulsstuntet som Todalen.no hadde utafor ICA Todalen laurdag var bra besøkt. Det var styret i Todalen.no som gjorde ein liten aksjon for å selje kaffekrus og personlege medlemskap i nettsida. Dei serverte kaffe, julebakst og nystekte bakels, og sjølvsagt julegløgg, til bygdefolket som var innom butikken ein elles gråkald førjulslaurdag. I løpet av formiddagstimane var det eit knapt hundretal som var innom standen.
Les heile saka
”Levd liv” er tittelen på årets julekonsert i Stangvik kyrkje 11. desember kl 19.00, i regi av Laget Vårsøg. Dei byr på eit sterkt ensemble: romanitrubaduren Elias Akselsen, punkdronninga Betty Johnsen og trønderen Børge Pedersen, saman med vår eiga Tone Søyset Døving.
Les heile saka
Først i denne veka vart første ladning av strikkeprosjektet som Fredrikkekaffen har kasta seg med på levert. Solvår Lindseth Øyen fortel til todalen.no at det vart litt hastesak av denne leveringa, då ho sist helg vart kontakta av Anette Ramstad i Amandaprosjektet i forbindelse med eit oppslag VG skulle ordne til ein juleartikkel. Meininga var at dei skulle levere til prosjektet først den 22. desember, men ho og Jorunn Ness svinga seg rundt slik at alle som dei visste hadde vore med og strikka til prosjektet kom med sine plagg. Så no ventar dei med spenning på VG sin artikkel, for å sjå om alt det som vart levert frå Todalen blir omtala.
Les heile saka
Da er endelig nytt blogginnlegg kommet i hus, og denne gangen skal vi til Bergen og «besøke» Nils Ingebrigt Øyen. Ha en behagelig lørdagslektyre!
Les heile saka
Frå Ragna Kvendset har vi fått invitasjon til utstilling i Gammelskulen. Ho skriv: «Under 90års-jubileumet for Todalen skule i april, laga FAU ei utstilling med klassebilde frå Todalen skule gjennom tre år hundre. No er utstillinga sett opp i Skulstuå (Gammelskulen), og søndag 11.desember er utstillinga open frå kl 13.00 – 16.00. Utstillinga vert og open i romjula og på nyåret. Det vert sal av kaffe med noko attåt.» Arrangør er Stiftinga Skulstuå i Todalen.
Lørdag formiddag kommer todalen.no til å ha stand på Ica Nær Todalen. Her vil det bli førjulsquiz med todalen.no-relaterte spørsmål, salg av kopper og personlige medlemskap for 2012. Ellers vil det også bli muligheter til å komme med tilbakemeldinger, både ris og ros til oss i redaksjonen, og ikke minst komme med tips om nye og spennende saker dere leserne ønsker at vi skal skrive om.
Les heile saka
På onsdag hadde Eldremiddagen juleavslutning, med masse god julemiddag, sang og opplesnings-underholdning. Lederne, som har stått på for å få til et vellykket høstsemester, takket de hyggelige og dyktige kokkene våre med en liten blomsterhilsen, og det var meget god stemning i sanitetsstua. Det ble servert tilsammen hele 33 julemiddager denne dagen.
Les heile saka
Nettstaden Driva.no melder i etterkant av dagens kommunestyremøte at Stangvik Oppvekstsenter skal renoverast for 14,3 millionar. Og i den anlednig skal administrasjonen i kommunen ha sagt at elevar og lærar i denne ombyggingsperioden blir flytta til Todalen.
Les heile saka
Tirsdag kveld arrangerte Start 4H juleverkstad i gammelskulen. Bortsett frå styremøte mandag kveld for å forberede juleverkstaden var dette første arrangement i ei oppussa gammelskule-stue. Et tjuetals ungar og vaksne var i aksjon med å laga julekort, sopelimer og julekorger.
Les heile saka
Etter ein varm november er det nok mange som setter pris på at liene rundt bygda begynner å bli farga hvite av snø. Vêrmeldinga framover viser at vi kan få nokre få kuldegrader også den neste veka, sjølv om dei store snømengdene lar vente på seg.
Les heile saka
Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterer deg til å bli med og synge inn jula torsdag kveld. Det skjer i Todalen kyrkje kl 19.30. Her får du høyre kora med forsterkingar av solistane Guro Gaarder Sigen (bass), Marthe Bellsvik Stavrum (fløyte) og Synnøve Hammervold (fiolin) på instrument. I tillegg får vi solosong av Nora Bøe, Sigrid Bøe og Øystein Moe. Det blir kjente og nyare julemusikk og sjølvsagt allsong!