Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Konsert med TrondheimSolistenes far…

Konsert med TrondheimSolistenes far…

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. august 2012

Det blir «Kvartett og song» i Todalen kyrkje laurdag 25 august kl 17.  Da gjestar TrondheimSolistenes far, fiolinisten Bjarne Fiskum, Todalen kyrkje med sin strykekvartett. Med seg i kvartetten har Fiskum mellom anna Surnadals eigen Anders Larsen. Dei spelar musikk av Haydn og Shostakovich. Sopranen Sigrid Bøe frå Bøfjorden deltek også – med utdrag frå Pergolesis «Stabat mater» og Handels «Julius Cesar».

– Som barn las eg Vangsgutane, og det skal bli fint å besøke heimbygda deira med denne konserten! seier Fiskum.  Den kjende fiolinisten, dirigenten og komponisten er frå Harran.  Etter studiar i Oslo, Stockholm, Wien og København var han tilsett i Oslo Filharmoniske Orkester.  I 1977 starta han Det Norske Kammerorkester. Han vart så konsertmeister for Trondheim Symfoniorkester og professor ved NTNU. Ved å stifte TrondheimSolistene (som han leia frå 1988 til 2001) la han grunnlaget for eit av landets (og Europas) mest suksessrike orkester.  Fiskum er kommandør av St. Olavs Orden og har m.a. fått fylkeskulturpris både for Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag (den siste saman med TrondheimSolistene). 

Laurdag leier han framføringa av Joseph Haydns populære «Lerkekvartett» og Dmitri Schostakovich’s uttrykkfulle Kvartett nr. 3 og sørgjer for velklingande tonefølgje til unge Sigrid Vetleseter Bøe. Det er Todalen sokneråd og Todalskoret som arrangerer konserten, og vi gled oss stort til denne musikkstunda, seier Borghild Talgø i Todalskoret.

Publisert: 21. august 2012, 22:00