Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Soknerådsvalet i Todalen
Måndag 11. september, same dag som det er kommune- og fylkestingsval, er det også val av nytt sokneråd. Det noverande soknerådet er valnemnd, og dei er alt i gang med å finne gode kandidatar til det «nye» soknerådet.

Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 26. februar klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske og Bernt G. Bøe er organist. Takkoffer, via Vipps 506908, til Kyrkjelydsarbeidet.

Mange trossa regnet og kom på gudsteneste
Ein skulle kanskje tru at regnvêret som verkeleg glimta til i føremiddag hindra tilstrøyminga til kyrkja og dagens gudsteneste. Men heller tvert i mot så kom det eit stort trettital for å ta del i dagens gudsteneste. Ei litt spesiell gudsteneste forresten, fordi meir eller mindre heile mannskapet var vikarar. Liturg var for høvet Bjørn Hovde, som var vikar for Torbjørn Brøske, som er tilsett som vikar i samband med utlysinga av ny prestestilling etter Kristin Strand som slutta til nyttårs.

Gudsteneste i Todalen kyrkje
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 29. januar klokka 11:00. Bjørn Hovde er liturg, medan Bernt G. Bøe er organist.

Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje
Den tradisjonelle nyttårsgudstenesta i Todalen kyrkje blir på nyttårsaften kl 16:00, melder Todalen sokneråd. Liturg blir Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe blir organist.

Gudsteneste i Todalen kyrkje på julaften
Den tradisjonelle gudstenesta i Todalen kyrkje på julaften startar i år kl 13.30, melder Todalen sokneråd. Det er Kirsti Hjørnevik som er liturg, og Bernt Bøe som er organist.

Stemningsfull julekorsert i Todalen kyrkje
P17-koret og Todalen sokneråd arrangerte i samarbeid julekonserten i Todalen kyrkje søndag ettermiddag. Med dirigent Bernt Bøe som musikkalsk leiar var det sjølvsagt spedd på med forsterkingar, både instrumentalt og med solistar. Solistar under dagens konsert var Turid Røen Kroknes, Maria Reppen og P17-korets eigen Øystein Moe.

Flott lysmesse i Todalen kyrkje!
Det var over 40 frammøtte på ei flott lysmesse i Todalen kyrkje søndag. Dyktige konfirmantar stod for tekstlesing, presten held ein glimrande tale om nettopp lyset og kjærleiken, og Torbjørn Brøske stod for musikken. Kyrkjelyden song av full hals, og det var ei stemning til å ta og føle på.

Lysmesse i Todalen kyrkje søndag
Søndag 4. desember klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til lysmesse i Todalen kyrkje.

Helgemesser med lys i mørkret
Helgemesse – Allehelgensdag – er ei høgtid med sterke kjensler. Vi følgde presten Torbjørn Brøske til Todalen, Åsskard og Stangvik. Både årstida og ramma om dagen er prega av mørke. Minnet om dei vi har mista, legg vemod og sakn til gudstenestene. Etterlatne var denne gong spesielt inviterte gjestar.

Allehelgensdag – vemod og lys
Søndag 6. november er det allehelgensgudstenester i kyrkjene i S. Ei samling med vemod, men også lys. Ein ny tradisjon har vakse fram dei siste par tiåra. Allehelgensdag tek opp i seg to gamle høgtidsdagar – ein for alle heilage utan eigen minnedag (Helgemesse, opprinneleg 1. november) og Alle sjelers dag, 2. november. I Todalen kyrkje er det Allehelgensgudsteneste 6. november klokka 11:00.

Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje
Søndag 6. november klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt G. Bøe er organist. Takkofferet under allehelgensgudstenesta går til kyrkjelydsarbeidet på vipps 506908.