Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad med naggelbit – men no blir det minnelund på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. mai 2023

Det var faktisk eit førtital som møtte på kyrkjegardsdugnad onsdag kveld. Kristian Gjeldnes som er leiar i soknerådet tykte det var svært oppmøte og godt var det, for da vart arbeidet fort unnagjort.  Dugnaden var rett og slett vanleg vårrydding etter vinteren, med raking av lauv og tørrkvistar og litt oppretting av gravstøtter som telen har herja med.  

Ein del av jobben var oppretting av gravstøtter som telen hadde herja med – presisjonsarbeid som Einar Husby og Terje Nordvik utførte. Foto Jon Olav Ørsal

Etterpå var det sjølvsagt dugnadskaffe, og jammen var det godt å kome i hus og få i seg varmen igjen. 5-6 varmegrader og litt vindtrekk gjorde at det vart både naggelbit og litt hustre å drive med raking og rydding. 

Etterpå var det sjølvsagt dugnadkaffe – og godt å få i seg varmen igjen. Foto Jon Olav Ørsal

Soknerådet nytta også høvet til å orientere litt om kva dei har jobba med i den fireårsperioden dei snart er ferdig med. Det har vore nokre spesielle år på grunn av pandemien, og det har nok påverka økonomien på fleire måtar. Men no ser det ut til at både økonomi og arbeidsfor held på og kjem i god gjenge igjen. Det siste har dei fått inn over 60 000 ioffergåver i tillegg til 10 000 i konsertstøtte og da er dei for fjoråret omtrent i null. 

Bildeglimt frå dugnaden – alle foto Jon Olav Ørsal

Minnelund

Ei av dei viktigaste sakene som soknerådet har jobbe med den siste perioden, er etablering av minnelund. Det skjer i området mellom reiskapshuset og kyrkja, mot austmuren.  Det har etter kvart vorte vanleg å lage minnelund på kyrkjegardane, og soknerådet har no fått godkjent planane sine,  og no er det klart til å sette i gang arbeidet i løpet av våren.  Dette er ei investering som kjem i overkant av hundre tusen, men prosjektet er alt finansiert.  Soknerådet har laga ein presentasjon som vart vist i kyrkje i kveld, og desse bileta har vi lagt ut i galleriet nedafor, slik at du kan sjå korleis minnelunden er tenkt å bli.  

Minnelunden er todelt, med sjølve minnelunden som har to benkar og eit minnemerke i naturstein.  Her vil det også være plass til å sette avskårne blomster i tillegg til at det er pynta med utplanta blomster i eit par potter.  I tilknyting til minnelunden vil det bli laga eit område med 72 urnegraver på eit område på 4 x 4,5 meter.   Sjølve minnelunden er på 4 x 4,5 x 5 meter, og på minnesmerket vil det være plass til minneplater med navn på.  

Oversikt over korleis minnelundet er tenkt plassert og korleis den er utforma  – planteningar og bilder frå Todalen sokneråd

 

Publisert: 4. mai 2023, 05:00