Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra besøkt gudsteneste søndag – flott salmesong

Jon Olav Ørsal Sundag 30. april 2023

Det blir bra salmesong når det er mange som deltek i gudstenesta – søndag var det eit førtital som deltok i den ordinære gudstenesta i Todalen kyrkje.  Det var vikarprest Torbjørn Brøske som var liturg under gudstenesta, og både organist Bernt Bøe og klokkar Randi V. Bøe var også vikarar – men det vart ei triveleg gudsteneste for det.

Den lokale songgruppa frå P17-koret – Einar Husby, John Moe, May Elisabet Holten, Øystein Moe og Randi Vetleseter Bøe dirigent/organist Bernt Bøe er ikkje med på biletet. Foto Jon Olav Ørsal

Men det var også yngre krekter som deltok – Tor Asbjørn Karlsen som er konfirmant i år tok del i tekstlesinga, ei oppgåve han klarte godt. Denne søndagen er 4. søndag i påsketida, og dagens preken var basert på Johannesevangeliet og jesu vike blant jødane, jesu avskjedstale og at vi igjen skal møtast.  Vidare var det takkoffer til konfirmantopplæring i soknet – og nattverd for dei som ønska det.  

Av kunngjeringar var det påminning om song- og musikkeld på Eidet bedehus i kveld – neste gudsteneste i Todalen kyrkje er 17. mai kl 14 og så konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje 20. mai.  Elles er det rydde og vaskedugnad i og rundt kyrkja den 3. mai som tidlegare annonsert.  

Torbjørn brøske på prekstolen – dagens preken hadde Johannesevangeliet som tema. Foto Jon Olav Ørsal

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe og traktering med både gode kaker og triveleg prat rundt kaffeborda.  Nedafor kan du sjå fleire bilde frå gudstenesta og frå kyrkje kaffen etterpå – alle bilde: Jon Olav Ørsal.

Publisert: 30. april 2023, 12:35