Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd

Todalen sokneråd 2023 – 2027

Leiar: Borghild B. Talgø

Nestleiar: John Moe

Kasserar: Ola Bruset

Medlem: Anita Talgø

Sekretær: Rune Moe

Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik

Først publisert: 19. november 2009, 16:16 - Sist oppdatert: 25. oktober 2023, 17:45

Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Cathrine Grutle takkar av

Bernt G. Bøe Fredag 17. juni 2022

Med gudstenesta i Åsskard kyrkje søndag takkar Cathrine Grutle av som vikarprest i Stangvik-området.  Siste året har den tidlegare Tingvoll-presten vikariert for Kristin Strand i Stangvik, Todalen og Åsskard kyrkjelydar. Cathrine har fått prestestilling ved Bergen – i området der mannen Leif Endre er tilsett som prost.  Det er Åsskard sokneråd som melder at ho […]


Rakedugnad på kyrkjegarden

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. juni 2022

Todalen sokneråd fortel at det skal vere grasslått på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje i morgon, og at dei i samband med dette treng nokon til å vere med å rake opp graset. Rakinga tek til klokka 11:00, så har du lyst til å bidra litt og er heime, oppfordrar vi til å bli med på rakardugnaden!


Flott konfirmasjonsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mai 2022

Dagens konfirmasjonsgudsteneste vart ei verdig avslutning både for konfirmasjonsopplæringa for dei to konfirmantane og for vikarprest Cathrine Grutle som hadde si siste gudsteneste i Todalen kyrkje før ho flyttar herifrå. Konfirmantane har fått konfirmantopplæring det siste året, og markerer altså avslutninga med konfirmasjonsfest. I år var det to konfirmantar i Todalen – Nora Kårvatn og Shan Allan Halle


Konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. mai 2022

Laurdag 28. mai klokka 14:00 inviterer Todalen sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg under gudstenesta er Cathrine Grutle, medan Bernt G. Bøe er organist. Takkofferet denne laurdagen går til konfirmasjonsarbeidet på vipps 506908. 


Kyrkjegardsdugnad i litt surt vårvêr

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. mai 2022

I kveld hadde Todalen sokneråd invitert til kyrkjegardsdugnad, for å klargjera kyrkjegarden til ein ny vår- og sommarsesong. Sjølv om vêrgudane ikkje akkurat varta opp med det beste rett før dugnaden, så vart det opphandsvêr under sjølve dugnaden. Knappe femti personar møtte opp for å vere med på dugnaden, så sjølve dugnaden gjekk unna på ein stor time.


Kyrkjegardsdugnad tysdag 3. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. april 2022

Tysdag 3. mai klokka 18:00 inviterer Todalen Sokneråd til vårdugnad på kyrkjegarden. Det blir raking, oppretting av gravstøtter og rydding etter vinteren. Ta difor med høveleg utstyr som t.d. rive, spade, trillebår. 


Friluftsgudsteneste: Ein dag i den finaste katedralen

Jon Olav Ørsal Måndag 18. april 2022

Todalen sokneråd har ein lang tradisjon med friluftsgudsteneste på 2. påskedag – ein like lang tradisjon er det at det er finvêr på 2. påskedag. – Vi har alltid hatt finvêr så lenge vi ha halde på med dette, seier mangeårig organist og no vikar i denne tenesta, Bernt Bøe. Likevel har vi noko som er nytt av året, da friluftsgudstenesta i år er flytta frå Haugligardane til gapahuken på Tjønnmyra


Friluftsgudsteneste 2. påskedag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. april 2022

Måndag 18. mars (2. påskedag) klokka 12:00 inviterer Todalen Sokneråd til friluftsgudsteneste i og ved gapahuken på Tjønnmyra. Soknerådet oppfordrar alle til å ta med seg sitteunderlag, slik at det blir betre å sitte. Liturg er Cathrine Grutle og Bernt Bøe er organist.  


Fasteaksjonen – stor givarglede

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2022

Tysdag kveld var årets- og fjorårets konfirmantar ute med bøssene som deltakarar i ein landsomfattande fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp. Gjengen som var rundt i heimane på innsamlingsrunde rapporterer om stor givarglede, seier leiar i Todalen sokneråd, Kristian Gjeldnes


Årets fasteaksjon på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. april 2022

Tysdag 5. april på ettermiddagen, kjem årets konfirmantar og medlemmer frå Todalen Sokneråd på besøk med bøssene sine for å samle inn pengar til årets fasteaksjon. Årets aksjon har fått namnet «Håp i en dråpe vann», og er som vanleg i regi av Kirkens Nødhjelp. Fasteaksjonen er ein tradisjonell innsamlingsaksjon som har gått føre seg i fastetida i mange år. Det er også mogleg å gje bidrag til fasteaksjonen – «Håp i en dråpe vann», via vipps 2426 eller via bankkonto: 1594.22.87493. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. mars 2022

Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 20. mars klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt bøe er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet via vipps 506908.


Støtte til den ukrainske befolkninga under gudstenesta søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. februar 2022

Alle landets kyrkjer vil på søndag markere si støtte til det ukrainske folk, som no er under angrep frå russiske styrkar. Under gudstenesta i Todalen kyrkje søndag klokka 11:00, vil deler av P17-koret delta, og mellom anna synge nokre ukrainske songar. Takkofferet, som opprinneleg skulle gå til kyrkjelydsarbeidet denne søndagen, går i staden til å hjelpe befolkninga i Ukraina. Vipps: 506908. Det er Todalen Sokneråd som melder dette no i kveld.