Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Gudstenesta blir i kyrkja!
Todalen sokneråd melder i kveld friluftsgudstenesta som skulle vore på Haugligardane blir flytta til kyrkja, til oppsett tid kl 12.00. Det er i løpet av påska kome mykje snø og det har gjort at det er ugunstige forhold på Haugligardane. Alle er velkomne til Todalen kyrkje til gudsteneste 2. påskedag!

Ringte inn påskehøgtida
Påskeaftan blir påskehøgtida ringt inn ved kyrkjene landet rundt. Todalen kyrkje er ikkje noko unnatak, og mellom kl 17 og 18 var det god klang i klokka i kyrkjetårnet. Det var som vanleg Kristen Bruset som sørgja for at det var lyd i kyrkjeklokkene ved Todalen kyrkje.
Les heile saka
Todalen kyrkje i påska 2012
Todalen sokneråd minner om aktivitetane i påska 2012. i Todalen kyrkje er det kveldsgudsteneste skjærtorsdag kveld kl 19.30. Da er det nattverd. Seinare i påska er det friluftsgudsteneste på Haugligardane, 2. påskedag kl 12.00. Her deltek også Todalskoret og Trimgruppa i Todalen I.L. sørgjer for litt grillkos etter gudstenesta. Dersom det blir dårleg vær blir […]

Innsamlingsaksjonen – kjempebra resultat!
På eit par kveldstimar samla dei fire konfirmantane inn heile 9.389 kroner til Kirkens nødhjelp. Dei kunne rapportere stor givarvilje og vart tekne godt i mot når dei kom på døra rundt bygda. Etter at innsamlingsaksjonen var ferdig var det oppteljing i kyrkja, og traktering til både sjåførar og pengesamlarar. På menyen stor kaffe eller kakao og nystekte bollar til heile gjengen. Flott innsats!
Les heile saka
I kveld får alle besøk!
Da kjem nemleg årets konfirmantar heim til alle i Todalen, frå Svinvika til Kårvatn med innsamlingsbøssene sine. Dei deltek nemleg i den årlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Saman med foreldre og medlemane i soknerådet som sjåførar vil dei altså tråle heile bygda, og da gjelder det å «gje så det svir». Ved å gje […]

Ha kontantane klare
Det oppfordrar diakon Kirsti Hjørnevik i Surnadal når årets konfirmantar og andre frivillige kjem med børsene under fasteaksjonen. – Ved å gje di gåve er du med på eit krafttak for dei som lid under fattigdom, urettferd eller katastrofer. Du kan redde liv! Tirsdag 27. mars er den årlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp.
Les heile saka
Triveleg men utradisjonell songkveld
Salmeskatt i Jeans og bunad hadde dirigent Bernt Bøe kalla songkvelden i Todalen kyrkje onsdag kveld. Og med det signaliserte han ein stor variasjon i programmet, der korsongen nok dominerte på denne songkvelden. Den var eit samarbeid mellom Todalskoret og Åsskard kyrkjekor. Men programmet var krydra med både deklamasjon, solosong og orgelmusikk, og spente frå tangorytmer til Bach-koral, ispedd både allsong, folketonar og klassisk.
Les heile saka
Tonekveld i kyrkja
Onsdag kveld (7/3) kl 19.30 er det klart for tonekveld som dei har kalla «Salmeskatt i jeans & bunad». Det skjer i Todalen kyrkje, og det er Bernt Bøe med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som vil underhalde oss med song og musikk kvelden. Dei har og med Sigrid Bøe, Daniel Bjørlo og Torgrim Tunes denne […]

Runda av med juletrefest
Med strømmangel og uvær på 2. juledag måtte soknerådet utsette juletrefesta til 1. nyttårsdag. Det vart nok litt seint, for da hadde nok mange tilreisande teke på heimveg, og bygdefolket starta førebuingane på kvardagen igjen. Eit trettitals frammøtte fekk imidlertid ei triveleg stund i skulen denne ettermiddagen. Der var det program med historisk tilbakeblikk til 60- og 70 åra. Terje Nordvik fortalte om juletrefestene på den tida, og viste ein lysbileteserie fra gamle dager.
Les heile saka
Årets siste gudstjeneste i 2011
Da er vi ved vegs ende av 2011, og i ettermiddag vart årets aller siste gudstjeneste held i Todalen Kyrkje. Dagens prest var Vidar Rygh, nytilsatt i Ranes og Øye sokn, og han fekk med det det ærefulle oppdraget i å døypa tvillingane Lisa og Jakop Ranes.
Les heile saka
Nyttårsgudsteneste – kl 16.00
Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje på nyttårsaften kl 16.00. Under julegudstenesta vart det opplyst om anna tidspunkt, men det er kl 16.00 som er rett. Det er soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh, som held gudstenesta, og det blir dåpshandling. Ofring til Todalen Sanitetsforening. Soknerådet ønskjer alle velkome til årets siste gudsteneste!

Juletrefest 1. nyttårsdag kl 14
Juletrefesta som skulle vera 2. juledag måtte som kjent avlysast på grunn av straumbrotet etter uværet «Dagmar». Todalen sokneråd melder at det blir arrangert ny juletrefest (eller kanskje nyttårsfest) 1. nyttårsdag i Todalen oppvekstsenter kl 14.00. Der blir det gang rundt juletreet og framvising av lysbilete frå 60-og 70-åra, der vi får gjensyn med både […]