Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Soknerådet informerer om programmet for kyrkja
Todalen sokneråde har programmet klart for vinteren og våren 2016. Det startar med høgmesse i Todalen kyrkje søndag 24. januar, men høgdepunkta i programmet er nok friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag og konfirmasjonsgudstenesta på frigjeringsdagen 8. mai. Heile programmet kan du laste ned som PDF-dokument her.

Julegudsteneste kl 13.30
Todalen sokneråd minner om julegudstenesta med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje på julaftan. Den startar kl 13.30, og det blir takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Alle er velkomne!

Tonekveld med omtanke….
Juleverset – «Eit lite barn så lystelig» var ein av ingrediensane da Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterte til støttekonsert og songkveld i kyrkja onsdag kveld. Sjølv om det var berre eit lite tjuetal som tok tilhøyrarplass i kyrkja denne kvelden, så fekk iallfall vi som var der ein fin kveld med flott korsong og dei […]

Tonekveld i kyrkja
Todalskoret inviterer til songkveld i kyrkja si onsdag. Nye salmetonar og «Korsong året rundt» står på programmet. All inntekt går til flyktningesaka. Saman med Åsskard Kyrkjekor vil vertane ta forsamlinga med på vandring gjennom ulike faser av kyrkjeåret. Det blir smak av både påske og jul og glimt frå ulike tider og stilartar i korlitteraturen. Blant komponistane er Bach, Handel, Haydn og Mendelssohn.

Vellukka og triveleg konfirmantfest
Laurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest i Ungdomshuset. Sokneprest Bernt Venås ønskte alle velkomne til ein enkel, stille og roleg fest der sosialt samver var det viktigaste. Og det vart ein riktig så fin kveld med god og triveleg prat, nydeleg gryterett og gode kaker. Søndag 27. juni 1965 var det heile tolv konfirmantar i […]

Inviterer til konfirmasjonsfest
Laurdag kveld inviterer Todalen sokneråd til tradisjonell konfirmasjonsfest i Todalen ungdomshus. Arrangementet startar med festmiddag kl 19.00, og fortsett med kaffe og underhaldning etterpå. Denne kvelden er konfirmantjubilantane frå 1965 og neste års konfirmantar spesielt invitert, men alle som har lyst er velkomne til å delta på festa, melder soknerådet.

Nytt sokneråd er også klart
Da har også resultata frå soknerådsvalga blitt offentleggjort. I Todalen er følgjande valgd inn for fire år i følge Trollheimsporten

Kyrkjeval
Måndag 14.september er det val, ikkje berre til kommunestyre og fylkesting, men også til dei kyrkjelege organa sokneråd og bispedømmeråd. Her i Todalen vil Kyrkjevalet 2015 bli i Todalen skule i tidsrommet 12.00- 20.00. Når det gjeld val til nytt sokneråd for Todalen, er det berre ei liste. Denne lista er oppsett av ein nominasjonskomite […]

Gudsteneste – Presenterte neste års konfirmantar for kyrkjelyden
Under søndagens gudsteneste vart konfirmantane for 2016 presentert. Dei er 2 i talet, og startar no konfirmasjonsførebuinga i lag med konfirmantane i Stangvik, fortalte sokneprest Bernt Venås, da han ønska dei velkomne som konfirmantar under gudstenesta. Sjølv om dei berre er to, så var han sikker på at dei skulle få ei fin tid saman dei neste to semestra, fram til konfirmasjonen som blir søndag 8. mai i Todalen kyrkje.

17.mai – programmet er klart
Programmet for feiringa av nasjonaldagen er no klart. Det meste foregår på tradisjonelt vis, med biltog frå Matkroken kl 9.30 – og fortsett med stor felles frukost på Borholmen etterpå. etter ein liten pause blir det folketog frå skulen til kyrkja og gudstenesta der. Etter gudstenesta blir det kransnedlegging ved bauten, før toget fortsett til skulen. Frå kyrkja til skulen får folketoget følge av 17.-orkesteret som sørgjer for musikk til marsjen. I skulen blir det mat, allsong og leikar for borna – og sjølvsagt tale for dagen med Sondre Ormset.

Fin konfirmasjonsdag
Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. I ei godt fullsett kyrkje heldt sokneprest Bernt Venås ei god preken til dei 5 ungdomane som no trer inn i dei vaksnes rekkjer. Dei fekk med seg mange gode råd på vegen, og seremonien markerte slutten på ein lang vinter med konfirmasjonsførebuing. Vergudane viste seg også frå si beste side og det var egentleg eit praktfullt syn mad alle bunadskledde kyrkjegjengararane.

Søndag: Konfirmasjonsgudsteneste
Søndag 3. mai er det konfirmasjonsgudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Gudstenesta starta kl 11.00, og det er takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Det er i år 5 ungdommar som skal konfirmerast i Todalen kyrkja denne dagen: