Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd

Slik er Todalen sokneråd samansett etter valet i 2019:

Leiar Kristian Harstad Gjeldnes
Nestleiar Frode Grønnmyr
Medlem Monika Klungervik
Medlem John Moe
Varamedlem Anne Hjørdis Caspersen Telstad

Først publisert: 19. november 2009, 16:16 - Sist oppdatert: 11. januar 2020, 15:03

Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Konsert med TrondheimSolistenes far…

Konsert med TrondheimSolistenes far…

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. august 2012

Det blir «Kvartett og song» i Todalen kyrkje laurdag 25 august kl 17. Da gjestar TrondheimSolistenes far, fiolinisten Bjarne Fiskum, Todalen kyrkje med sin strykekvartett. Med seg i kvartetten har Fiskum mellom anna Surnadals eigen Anders Larsen. Dei spelar musikk av Haydn og Shostakovich. Sopranen Sigrid Bøe frå Bøfjorden deltek også – med utdrag frå Pergolesis «Stabat mater» og Handels «Julius Cesar».

Les heile saka

Fin konfirmasjonsdag

Fin konfirmasjonsdag

Jon Olav Ørsal Måndag 30. april 2012

Søndag var det konfirmasjon i Todalen, og det fine vårvêret med sol frå blå himmel var nok med og sette ein ekstra spiss på dagen for både konfirmantane og tilreisande gjestar. Det var i år 4 konfirmantar, 2 gutar og 2 jenter, og vikarprest Leif Endre Grutle gjorde seremonien til ei fin oppleving for konfirmantane.

Les heile saka

Konfirmasjonsgudsteneste – oppdatert

Konfirmasjonsgudsteneste – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. april 2012

Søndag 29. april kl 11.00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje med vikarprest Leif Endre Grutle. Det er i år 4 konfirmantar i Todalen; Lena Rovik Olsen, Emma Saksen Ulvund, Steffen Aune og Stian Nordvik Bruset. Det er offer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen.


Storveies dugnad

Storveies dugnad

Elinor Bolme Onsdag 25. april 2012

Todalen.no vart i går kveld borimot for sein då underteikna tok ein svipptur nedom kyrkjegarden på soknerådet sin dugnad. Soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen var storvegs fornøgd etter kveldens økt. -Her har det verkeleg gått unna i kveld seier ho. Alt rusk og rask etter Dagmar er trilla bort, her har dei raka, kosta og retta støtter. Ho var også veldig fornøgd med oppmøtet denne gongen, då over 30 personar i alle aldra hadde vore med.

Les heile saka

I kveld: Dugnad på kyrkjegarden

I kveld: Dugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. april 2012

Tysdag kveld 24. april er det klart for vårdugnad på Todalen kyrkjegard. Det er Todalen sokreråd og kyrkjeverja som inviterer, og dei oppfordrar folk til å kome og hjelpe til med forskjellige slag oppgåver på kyrkjegarden. Det skal rettast opp gravstøtter og ryddast etter vinteren. Det trengs folk med rive, trillebåre, spett, spade og anna høveleg reiskap. […]


Gudstenesta vart i kyrkja

Gudstenesta vart i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 9. april 2012

Gudstenesta 2. påskedag var tillyst som friluftsgudsteneste på Haugligardane, men vart flytta til kyrkja på grunn av føreforholda. Stort snøfall både før påske og i påskedagane gjorde at området på Haugligardane var lite egna for føremålet, og dermed var det nok bra at den vart flytta under tak. Men det vart ei fin gudsteneste i kyrkja, der Todalskoret deltok med korsong. Tema for dagen var sjølvsagt påskebudskapet og det var vikarprest Leif Erik Grutle som forretta.

Les heile saka

Gudstenesta blir i kyrkja!

Gudstenesta blir i kyrkja!

Jon Olav Ørsal Sundag 8. april 2012

Todalen sokneråd melder i kveld friluftsgudstenesta som skulle vore på Haugligardane blir flytta til kyrkja,  til oppsett tid kl 12.00. Det er i løpet av påska kome mykje snø og det har gjort at det er ugunstige forhold på Haugligardane.  Alle er velkomne til Todalen kyrkje til gudsteneste 2. påskedag!


Ringte inn påskehøgtida

Ringte inn påskehøgtida

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. april 2012

Påskeaftan blir påskehøgtida ringt inn ved kyrkjene landet rundt. Todalen kyrkje er ikkje noko unnatak, og mellom kl 17 og 18 var det god klang i klokka i kyrkjetårnet. Det var som vanleg Kristen Bruset som sørgja for at det var lyd i kyrkjeklokkene ved Todalen kyrkje.

Les heile saka

Todalen kyrkje i påska 2012

Todalen kyrkje i påska 2012

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2012

Todalen sokneråd minner om aktivitetane i påska 2012. i Todalen kyrkje er det kveldsgudsteneste skjærtorsdag kveld kl 19.30. Da er det nattverd. Seinare i påska er det friluftsgudsteneste på Haugligardane, 2. påskedag kl 12.00. Her deltek også Todalskoret og Trimgruppa i Todalen I.L. sørgjer for litt grillkos etter gudstenesta. Dersom det blir dårleg vær blir […]


Innsamlingsaksjonen – kjempebra resultat!

Innsamlingsaksjonen – kjempebra resultat!

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mars 2012

På eit par kveldstimar samla dei fire konfirmantane inn heile 9.389 kroner til Kirkens nødhjelp. Dei kunne rapportere stor givarvilje og vart tekne godt i mot når dei kom på døra rundt bygda. Etter at innsamlingsaksjonen var ferdig var det oppteljing i kyrkja, og traktering til både sjåførar og pengesamlarar. På menyen stor kaffe eller kakao og nystekte bollar til heile gjengen. Flott innsats!

Les heile saka

I kveld får alle besøk!

I kveld får alle besøk!

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mars 2012

Da kjem nemleg årets konfirmantar heim til alle i Todalen, frå Svinvika til Kårvatn med innsamlingsbøssene sine. Dei deltek nemleg i den årlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Saman med foreldre og medlemane i soknerådet som sjåførar vil dei altså tråle heile bygda, og da gjelder det å «gje så det svir». Ved å gje […]


Ha kontantane klare

Ha kontantane klare

Elinor Bolme Tysdag 20. mars 2012

Det oppfordrar diakon Kirsti Hjørnevik i Surnadal når årets konfirmantar og andre frivillige kjem med børsene under fasteaksjonen. – Ved å gje di gåve er du med på eit krafttak for dei som lid under fattigdom, urettferd eller katastrofer. Du kan redde liv! Tirsdag 27. mars er den årlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp.

Les heile saka