Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Nystussa kyrkjegard med dugnadsinnsats
Torsdag kveld var det «kløppardugnad» på kyrkjegarden i Todalen. Heile kyrkjegarden vart pussa opp – først med traktorkløppar og så finpuss rundt gravstøttene, kyrkjegardsmuren og blomsterbeda.

Vårsongkveld i Todalen kyrkje
I går kveld var det vårsongkveld i Todalen kyrkje. Når sant skal seiast, så har vi akkurat gått inn i sommarmånadane, både på kalenderen og temperaturmessig, men namnet skjemmer som kjent ingen, og det vart ein fin songkveld med både allsong og solonummer! Eit lite trettital hadde «trossa» finvèret og teke turen til kyrkja, noko dei ikkje angra på.

«Slåttedugnad» på kyrkjegarden torsdag
Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, informerer om at det blir «slåttedugnad» på Todalen kyrkjegard torsdag 3.juni klokka 18:00. Det må slåast gras mellom greftene og langs med murane, der «slåttakarane» ikkje kjem til med graskløpparen når dei slår kyrkjegarden. Så han oppfordrar difor til at folk tek med seg kantkløppar på dugnaden.

Vårsong i Todalen kyrkje
No er det lenge sidan det har vore arrangert konsertar og andre arrangement i Todalen kyrkje. Men onsdag 2. juni klokka 19.00 gjer Todalen sokneråd noko med dette og inviterer til songkveld.

17.maigudsteneste i Todalen kyrkje
17.mai var det, tradisjon tru, 17.maigudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske var hyra inn som prest, medan Ronny Kjøsen trakterte orgel og trekkspel. Rundt tretti personar hadde møtt fram, så det var ikkje noko problem å handheve smittevernreglane. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, ønskte kyrkjelyden velkomne til 17.maigudsteneste.

Program 17.mai i Todalen 2021
Da er 17.mai programmet for Todalen 2021 klappa og klart. På grunn av gjeldande smittevernreglar blir feiringa i år òg tilpassa dette. Tradisjon tru blir det biltog og gudsteneste. Feiringa tek til med flaggheising og song på Matkroken klokka 11:00. Umiddelbart etter flaggheisinga startar biltoget. 17.mai-komiteen oppfordrer alle til å møte i god tid før flaggheisinga. 17.mai-komiteen vil vere tilstades og dirigere trafikken og organisere biltoget.

Vatningsutstyret er framsett på kyrkjegarden
Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldens, kan fortelje at vasskannene for å vatne på greftene på kyrkjegarden no er framsett. Alt anna hageutstyr som soknerådet eig, kan førebels ikkje nyttast på grunn av gjeldande smittevernreglar. Så slikt utstyr må ein difor ta med seg sjølv.

Mykje folk på kyrkjegardsdugnad
I kveld var det dugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Over 50 hadde møtt opp, så dugnaden vart unnagjort på ein stor time. Kyrkjegarden vart raka, kyrkja vaska utvendig og somme gravsteinar, som hadde blitt skeive på grunn av tælen gjennom vinteren, vart retta opp att.

Tysdag kl 18: Vårdugnad på Todalen kyrkjegard – oppdatert
Soknerådsleiar Kristian Gjeldnes inviterer til tradisjonell vårdugnad på kyrkjegarden. Det skjer tysdag 4. mai kl 18:00. Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad – blir vi mange, så er det fort unnagjort!

Fasteaksjonen med godt resultat i Todalen
Dei lokale sokneråda og Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon var for andre året på rad digital. På landsbasis vart det samla inn godt og vel 17,6 millionar unders årets fasteaksjon, mot 25,1 millionar i fjor. Midlane frå innsamlinga går til å skaffe tilgang til reint vatn for menneske i fattige land. Dette er eit arbeid Kirkens Nødhjelp har drive med i over 60 år, og som dei difor har gode kunnskapar om.

Digital høgtidsgudsteneste frå Øye kyrkje
Sjølv om alle gudstenester, med fysisk oppmøte, er avlyst denne påska, er det mogleg å få med seg lokale høgtidsgudstenester digitalt. I tillegg sender NRK gudstenester både på TV (NRK!) og i Radio (P1) no klokka 11:00.

Støtt Todalen sokneråd og Kirkens Nødhjelp sin digitale fasteaksjon
Som ein direkte konsekvens av smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen, er Todalen sokneråd og Kirkens Nødhjelp sin tradisjonelle Fasteaksjon digital i år ôg, slik som i fjor. Fasteaksjonen er Norges andre største innsamling, og har vore arrangert i meir enn 50 år. Tidlegare år er det konfirmantane som har stått for bøssebæringa. I fjor vart innsamlinga heildigital, slik den òg blir i år. Kristian Gjeldnes, leiar i Todalen sokneråd, fortel at dei har eit mål om å samle inn 5.000,- kroner i Todalen sokn. Han håper difor på god respons på den digitale innsamlingsaksjonen.