LAKS OG AUREFISKE I TOÅA – elva til storauren
Elva Toåa renn gjennom dalføret Todalen, som ligger i Surnadal kommune i Møre og Romsdal. Elva Toåa har sitt utspring i vestre del av Trollheimen, og den strekker seg helt inn i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag fylke. Elva Toåa har en lakseførende strekning på ca 8 km, fra elveutløpet og opp til Storfossen. Fisketid fra 15. juni til 15. august både for laks og sjøaure. Elvaeigarlaget er pålagt midtsesongevaluering av fisket. Salg av fiskekort på Nettstedet Inatur.no og hos Matkroken L. Hals Eftf., og der er det også desinfeksjon av utstyr som har vært brukt i andre elver. Meir informasjon om fisket og fiskekort finn du på www.todalslaks.no.
Nyheter knytta til Todalen Elveeigarlag
Todalen Camping førebur seg på ny sesong
Vi har fått melding frå Todalen Elveeigarlag og formann Asbjørn Karlsen om at Todalen Camping førebur seg på ein ny sesong. Det planleggast opning frå 1. mai i år, og campingplassen vil bli dreve av Todalen Elveeigarlag

Hengebrua fikk hard medfart av stormen
Ein skal kankje ikkje skulde på Gyda, det som stormen har herja med i natt. I nattens mulm og mørke har iallfall Hengebrua ved Heggøyann fått hard medfart, og er såleis stengt inntil vidare. Det er gangbanen som er vrengt, slik at det ikkje er muleg å ta seg fram over brua slik som den ligg no.

Ein liten juleflaum på gang?
Det har vore mykje nedbør det siste døgnet, med vassføring på rundt 42 m2/sek ved Storfossen, og det ser ut til å stabilisere der omkring. Per definisjon kan vi nok ikkje kalle dette for flaum, da NVE har definert middelflaum i Toåa til å være minst 74 m/sek – men stor elv er det da etter årstida å dømme.

Minner om årsmøtet, som blir digitalt
Todalen elveeigarlag minner om sitt årsmøte torsdag 25. november 2021 kl 19.30. På grunn av utviklingen i koronasituasjonen blir møtet gjennomfør digitalt, og IKKE i Sanitetshuset, slik som det står i den opprinnelige innkallingen til årsmøtet, melder styret i elveeigarlaget.

Mykje regn og flaumstore elvar – oppdatert
Det var nok inga overrasking av det var flaumstore elvar i dag tidleg, etter som yr.no i sinemeldingar har åtvara om til dels store nedbørsmengder lokalt. Her på berget kan vi lese på ein av dei lokale verstasjonane at det var mykje nedbør både ein periode i går kveld og ein periode i 2-3 tida i natt.

Rekordarta avslutning på lakseseongen
Til dels store nedbørsmengder sørga for skikkeleg fiskarelv dei siste par dagane – natt til søndag var toppen på vassføringa på 48 m3/sek, men minka for ned igjen på 20-talet på søndag ettermiddag. De to siste dagene vart det faktisk teke 11 laksar – dei to største på 9 og 10,5 kg medan resten var […]

Innspurt på laksefisket – søndag er siste dag i Toåa!
Komande døgn er det finale for laksefisket for i år – søndag kl 24:00 er det definitivt slutt for i år i Toåa for i år. Fisket har den siste tida vore sterkt prega av lita vassføring og dermed vanslege tilhøve for laksefiskarane.

Avlyser ungdomsfiskedagen som var tillyst lørdag
Todalen Elveeigarlag (TEL) melder at den planlagte Ungdomsfiskedagen lørdag 7. august er avlyst. TEL beklager dette, men laget vil satser på å arrangere ny Ungdomsfiskedag i 2022. TEL minner om at ungdom under 16 år kan fiske gratis sammen med en voksen med fiskekort (stangdeling) eller bestille fiskekort gratis ved å kontakte Tove på tlf […]

Sesongslutt for sjøauren i Toåa.
I dag er det siste dag for fiske etter sjøaure i Toåa. Siste fastsetting av fisketider i direktoratet reduserte fisketida for sjøaure slik at fisket starta 15. juni og sluttar 31. juli kl 23:59. Dette er nytt av året, tidlegare var det same tid for sjøaure og laks – nemleg 15. juni til 15.august. Når […]

Uvanleg fangst i Toåa for Rune Holtberget
Rune Holtberget fikk ei litt artig oppleving i Romåhølen søndag. Han såg at at var noko som rørte seg i vatnet like ved land – like i nærleiken av gapahuken ved Romåhølet. Rune oppdaga at det var ein laks som truleg var skadd, og kledde av seg og vassa uti for å prøve å få på land laksen.

Prima fiskarelv etter regnvêret
Den siste veka har det nok vore i minstelaget med vassføring for laksefisket i Toåa. I går kveld var det imidlertid vêromskifte og ein god del regn utover kvelden og natta. Det har ført til at Toåa har auka vassføringa fra rundt 2,3 m3/sek i går ettermiddag – til 13,2 m3/sek på målinga no kl 17:00 søndag.

Snorkeltur nedover elva på slukleiting
Torsdag kveld var Svein Håvard og Karoline Brøndbo ute på snorkeltur nedover Toåa. Dei hadde dykkardrakt og snorkelutstyr, og kosa seg med å kike etter laks og aure, samtidig som dei plukka slukar som er slite bort i kontakt med steinar og røter.