Utrykningsleiarar: Håvard Halset og Marie Martinussen
Øvrige: Ståle Ansnes, Bjørn Kvendset, Dan Roger Pedersen og Anders A. Karlsen
Nyheter knytta til Todalen Brannvesen

Ei lita påskjønning
Brannmannskapet i Todalen brannkorps fekk etter spylinga ved Talgø og Matkroken torsdagkveld ei lita påskjønning av befalshavande Gunnar Bøe i Surnadal brannvesen. Han hadde fått i oppdrag frå brannmester Tor Arne Moen om å ta med blautkake til brannmennene etter at mannskapet for ei tid tilbake viste imponerande innsats i ei utrykning med hjartestartaren som dei har ansvaret for. Befalshavande […]
Les heile saka
Eit sikkert vårtegn…
Det er eit sikkert vårtegn på Kvennset at Todalen brannlag spylar vekk strøsand, rusk og rask på plassen frammafor Talgø-fabrikken og Matkroken L.Hals. Dermed slår dei to flyer i ein smekk, og får gjort vårreint samtidig som dei får køyrd motorane på brannpumpene ein skikkeleg runde etter ein lang vinter uten å ha vore i bruk.
Les heile saka
Sikkert vårtegn?
Søndag var karane i brannkorpset i Todalen på Ansnessaga for å spyle rein tomta. Dei var innleidd av Møre Tre AS for jobben, for å få bort rusk og rask etter Dagmar. Det er da spesielt med tankepå mykje spikar og skruvar som ligg laust . For å få nok trykk i slangane demde dei opp sagelva. Sjølv om det ikkje var flammar og varme med i bildet denne gongen, fekk dei i seg varmen likevel.
Les heile saka
Brannutrykning til pipebrann
I 19-tida gikk brannalarmen i Todalen og Todalen brannlag rykte ut til Brusetmarka der det var meldt om pipebrann. Brannlaget i Todalen var raskt på plass, men da var allerede pipebrannen sløkt av seg sjølv. Faktisk var dei komne på åstedet når brannmeldaren var ferdig i telefonen. Denne gongen gikk det godt, men det har nok stor betydning at ein har lokale brannmannskap som har kort utrykningstid i slike høve. Det er dei første minutta som er viktigast.
Les heile saka
Brannvesenet øver
At brannvesenet spyler rein plassen framfor ICA Todalen og Talgø Møbelfabrikk er eit sikkert vårteikn. Dei har øving kvar månad for å sjekke utstyret og da tek dei gjerne ein slik jobb for samtidig å gjera noko nyttig. I vinteren løp samles det mykje strøsand rundt asfaltkantane, og dette fører lett til reine sandstormen når det er sterk vind.
Les heile saka
Hjertine på plass
Det er kanskje ikkje alle som kjenner Hjertine, og det er ikkje rart. Det er nemleg den nye hjartestartaren som Todalsen sanitetsforening har kjøpt, og som er plassert på brannstasjonen på Kvennset. Det er den første hjartestartaren som er registrert i Surnadal kommune, utanom Surnadal legekontor. Det er som sagt Todalen sanitetsforening som har teke initiativ til å skaffe hjartestartar, som er ei investering på nær tretti tusen kroner. No er den komen på plass.
Les heile saka