Utrykningsleiarar: Håvard Halset og Marie Martinussen
Øvrige: Ståle Ansnes, Bjørn Kvendset, Dan Roger Pedersen og Anders A. Karlsen
Nyheter knytta til Todalen Brannvesen
Siste rest av vinteren spyla bort
Tradisjon tru har Todalen brannvesen også i år teke på seg oppdraget med å spyle plassen framfor butikken for strøsand og anna rusk og støv som vinteren har lagt frå seg. I år fekk dei også ei oppfordring om å spyle Øyabrua sidan 17. maitoget skal passere der.
Brannvernveka – ei nasjonal brannøving
Brannvernveka er ei brannøving som foregår på alle brannstasjonar over heile landet, og som blir runda av med open dag på alle brannstasjonar i dag. Open dag var det sjølvsagt på brannstasjonen i Todalen og, der det var mange som var innom for å sjå og høre om kva du kan bidra med i heimen.
Brannvernveke – open brannstasjon på laurdag
Denne veka er det den nasjonale brannvernveka, der det er brannvernaktiviteter over heile landet. Her i kommune har det vore mange aktivitetar, mellom anna retta mot skuleane i kommunen. Laurdag er det opne brannstasjonar både i Todalen, på Kvanne og på hovudstasjonen i Røtet. Da er stasjonane opne frå kl 11 til kl 14 for […]
Spyling: Eit sikkert vårtegn
Når brannlaget i Todalen fyrer opp brannsprøytene og spyler plassen mellom Talgø-fabrikken og Halsbua er det på tide å finne fram 17. mai- sløyfa. Det er eit utruleg sikker tegn på at vinteren har slept taket, og våren er på full fart inn.
No er det tid for branntilsyn….
Måndag trefte vi feiarane Jon Nordvik og Hans Chr. Hårstad i Brusetmarka, der dei hadde branntilsyn hos Gunnar Nordvik – både i verkstaden og i privatboligen. Dei hadde starta ovafor Falla, og er no komne til Brusetmarka. Men dei skal fullføre runden rundt heile bygda før dei gir seg, fortalte Jon.
Bjørnis er kommet til Surnadal brannvesen
Surnadal brannvesen har no inngått avtale med Norsk brannvernforening om bruk av Brannbamsen Bjørnis i sitt forebyggjande arbeid retta mot barn i Surnadal kommune. Avtalen er rykande fersk denne veka, så brannsjef Tor Arne Moen har ikkje alle detaljar om bruk og profilering klare enda. Prosjekleder for Bjørnis, Rikard Heimen derimot er rimelig klar på at Bjørnis er 5. mann i brannbilen. Bamsen skal væra fast inventar i alle bilane og gis til barn som er involvert i ulykker, har vore vitne til ulykker eller andre situasjonar som kan opplevas som dramatiske for dei.
Branntilløp på Todalsøra i går kveld
Straks før midnatt vart det meldt brann få Todalsøra. Det var brann i ein koblingsboks i ein straumpåle like ved Naustvollen og dermed vart brannvesenet kobla inn. To mann frå det lokale brannlaget i Todalen var raskt på pletten og fikk fort kontroll på branntilløpet.
Brannvernveke med spesiell fokus på nattlading
Open dag på brannstasjonen er ein fin tradisjon i september kvart år. Laurdag opne brannlaget i Todalen dørene til brannstasjonen for både store og små, slik at alle som ville kunne kome og sjå kvar dei held til og sjå kva dei held på med. I år var fokusen sett på nattlading av telefonar og anna ustyr med oppladbart batteri. Lading av batteri er ei hyppig kjelde til brann, og er difor spesielt farleg om natta – når vi søv.
Åpen brannstasjon i Todalen
Førstkommande laurdag inviterer Surnadal Brannvesen avdeling Todalen til åpen brannstasjon frå klokka 12 og til 15 i sine lokaler på Kvendset. Brannvernveka er ein landsomfattende informasjonskampanje i uke 38 som arrangeres av Norsk brannvernforening,
Mykje blir avgjort dei første minutta
Eit fåtal møtte opp på Bordholmen i går kveld når Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterte til gratis førstehjelpskurs. Kurset var arrangert for tredje gong, med kurshaldarane Olav Polden, Jan Ove Bævre og Ivar Bolme.
Stuåfjøset – kontrollert nedbrenning…
I dag har det vore skikkeleg bålbrenning i Smålandsgrenda. Det gamle fjøset i Stuå vart rive ned i forrige veke, og i dag vart det laga eit gigantisk bål og brent opp. Todalen brannlag stillte med brannbil og pumpe i beredskap, i tilfelle det skulle skje noko utilsikta – men alt gikk etter plana.
Førstehjelpskurs AVLYST
Grunna kolliderande kursing for ambulansepersonellet ser omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening seg nødt til å utsette morgendagens planlagte førstehjelpskurs på Bordholmen.