Etter årsmøtet i 2024 er tillitsverva i laget fordelt slik:
Nyheter knytta til Todalen Bondelag

Klart for vårslipp og kåte sprell
Måndag kveld blir kyrne i Viastua sleppte ut på beite for sesongen. Vi reknar med at det blir både kåte sprell og litt kamp om posisjon i hierarkiet. Det skjer kl 19.00 og alle som har lyst kan kome og sjå på. Det blir salg av kaffe og bakels for kr 20 – Vipps og […]
Det gjekk heldigvis godt…
Ein gardbrukars mareritt er metallboksar inne i foret. Håvard Halset opplevde dette for andre gong no i helga og er glad for at kyrne ikkje fekk dei inn i munnen saman med siloen. -Vi ser med jamne mellomrom groteske bileter på nettet kor kyr blir oppskorne i munn og svelg grunna metallboksar som har vorte kverna inn i rundballar. Dette ender stort sett med dødeleg utfall og er ei lita otte, seier Håvard.

Satsar på å takle tørkekrisa i landbruket
Onsdag inviterte surnadal Bondelag til møte om gravforsituasjonen i regionen. Dette var nok eit tema som interesserte mange og det var godt frammøte i kantina på Surnadal Ungdomsskule. Og bondelagsleiaren Oddvar Mikkelsen sa at «det er inga lykkeleg årsak til at vi samlast i kveld» da han ønska velkomen. Men bondelaget hadde samla mykje kompetanse til møtet, og alle var optimistar med tanke på å finne løysingar for å kome ut av grovforkrisa som har oppstått.

Det monnar da litt iallfall…
Alle monner dreg sier Ola Kvendset og Emil Thorp som driv kantslått både på elvekantar, ekkerkantar og vegkantar for å samle grovfor til krøttera. Ola Kvendset er gardbrukar i Viastua, medan Emil Thorp er avløysar. I dag hadde dei litt ledig tid, og har altså samla litt fôr både her og der, og dei trur da at dei kan fø heile buskapen ein dag med det fôret dei har samla inn. Da kan ein seie at alle monner dreg!

Møte om grovfôrsituasjonen – på ungdomsskulen
Onsdag den 15. august inviterer Surnadal Bondelag til møte om grovfôrsituasjonen i regionen. Møtestart er kl 19.30 og finn stad i kommunestyresalen på Herradshuset skriv leiar Jan Henrik Moen i Surnadal Bondelag.

Tørketid: Det går mot full krise…
Det går full krise i jordbruket på grunn av store tørkeskader. I Todalen ser det ut til å være verst på Kvennset, der 2.-slåtten ser ut til å bli på 30 % av normal avling og knapt nok det, seier Ola Kvendset som drivar i Viastua. – Eg må heilt sikker redusere med 10 – 15 dyr og kanskje meir. Nå er håpet at vi får ein god 3.-slått, og regnet som kom i dag har faktisk vore til god hjelp.

Støttar barnekreft med gule ballar
For tredje året på rad har Felleskjøpet Agri og Trioplast produsert opp farga rundballeplast som støttar eit godt formål. I år er plasten gul, og 30 kroner av kvar solgte rull går til Barnekreftforeninga. Det er totalt produsert opp 10 000 rullar, der kvar av Felleskjøpet Agri, Trioplast og bonden gir 10 kroner kvar pr rull til […]

Beherska optimisme tross ekstrem tørke
I media kan vi lese om dei ekstreme tørkeproblema i Sør-Noreg som vi og har føling med her på Nordmøre. I dag tromma bondelaga, banken, Landbruk Nordvest, Tine og Surnadal kommune saman til møte for å diskutere problema som har oppstått og eventuelle tiltak som kan gjerast. I Surnadal vil ein avvente 2. slåtten som startar om eit par veker før nevneverdige tiltak settes inn, så dagens møte var meir av førebuande karakter.

Fokuser på det positive i rundt oss
Etter ein vellykka rundtur rundt Todalen for Aud Lindset Drågen ved Fylkesmannens kontor saman med lokale utsendingar frå Todalen og Surnadal vart det i invitert til informasjonsmøte i Todalen Ungdomshus i går kveld. Dette vart ei fin og ikkje minst informativ avslutning på ein innhaldsrik dag. Møtet var åpent for alle, og Todalen Grendalag var godt fornøgd med oppmøtet trass kort planlegging. -Dette vart verkeleg bra konkluderte Jostein Bruset. Vi fekk både inspirasjon og informasjon!

Slåtten: På det næraste eit normalår
Det er litt ujevnt med grasmengde og fôrkvalitet rundt bygda, men det er på det næraste eit normalår. Den siste veka har det vore full aktivitet og slåttonn over heile bygda. Ståle Ansnes er leiar i Todalen Bondelag, og er sjølvsagt oppteken av fôrmengde og fôrkvalitet no midt i slåttonna. Sjølv er han partner i Todalen Mjølk, og dei må ha 5000 siloballar på lager når dei når september dersom dei skal kome seg gjennom vinteren.

Startar slåtten mot sin vilje
Ola Kvendset er i gang med slåtten – han er først ute i år, men det er mot sin vilje fortel han. – Må berre starte på no, for det er så tørt at graset minkar for kvar dag som går no. Lite regn, men mykje sol og høg temperatur gjør at den tørkesvake jorda på Kvennset no tek skade av tørken.

Dy, ta va godt!
I kveldinga inviterte Ola Kvendset bygda til kuslepp i Viastua. Ikkje så alt for mange tok turen, men det brydde dei seg lite om dei vel 40 kyrne som endeleg fekk ut og nyte den fine maikvelden.