Styret fra 2019:
- Leiar: Lisabet Storslett
- Nestleiar: Johan Ranes
- Sekretær: Ylva Synnøve Gjeldnes
- Kasserar: Van Adrian Ansnes
- Styremedlemmar: Nora Kårvatn, Maria Bergli, Ingebrigt Bergli og Shan Halle
Klubbrådgivarar: Ragna Kvendset
Nyheter knytta til Start 4H
Dugnad i Gunnøya
Tirsdag kveld inviterer Toåa Tursti til dugnad i området bak gapahuken i Gunnøya. Her skal det ryddast daudt trevirke rundt om, hoggast litt i stitrasséen og ikkje minst ryddast ein del søppel som ligg og sleng i området. Trevirket skal samlast saman til stort sankthansbål som skal tennast søndag 23. juni i forbindelse med sosialt arrangement i området.
Klare for eit nytt aktivt 4H-år!
I går kveld var det full fres i Skulstuå. Først hadde Start 4H årsmøte, før dei etterpå hadde infomøte til nye medlemmar. Og veldig mange nye hadde teke turen for å sjå om 4H klubben var ein kjekk plass å bli med i. På medlemsmøtet fekk dei nye eit lite innblikk i alt det artige som klubben hadde hatt av aktivitetar i fjor. Her var fleire turar, klubbaktivitetar i Skulstuå og mykje meir.
Start 4H feira haustfest på tradisjonell måte
Laurdag ettermiddag var tida inne for å runde av sesongen for Start 4H med tradisjonell haustfest i gymsalen. Her kunne dei by på både underhaldning og traktering, og ikkje minst presentasjon av prosjektoppgåvene dei har jobba med den siste tida. Det er sjølvsagt artig og triveleg å invitere både familie og venner for stolt å vise fram utstillinga.
Haustfest 4H
Alle er velkomne til haustfest i Start 4H, 3.november kl.14.00 i Todalen skule. Tradisjonen tru vert det utstilling av oppgåver, og visning av aktivitetar gjennom året, samt quiz, loddsal og merkeutdeling.
Vellukka LAN med Start 4H oppi Skulstuå
Som tidlegare nemt har ungane i Start 4H hatt samling i helga med både loddsalg og LAN. Vi har fått ein liten rapport både frå Lisabet Storslett som var deltakar, og Ragna og Line Kvendset som var med og held litt oppsyn.
Ivrige loddselgjarar for Start 4H på runde
I kveldinga fekk du kanskje besøk av ein ivrig gjeng som var ute på skrapeloddsalg? På nordsida av bygda for Maria Bergli, Ylva Gjeldnes, Nora Kårvatn og Lisabet Storslett på sykkel oppover for å selje skrapelodd for Start 4H. Dei kunne fortelje at gutane hadde sørsida, og at dei skulle treffast på Gammelskulen etterpå.
4H: Kornband å få kjøpt tysdag ettermiddag
Tysdag ettermiddag kjem Start 4H rundt bygda på ein handlerunde, der dei har fine kornband og juleheftet «Du mitt Nordmør» i kolleksjonen. Fint om folk har kontantar, då Start 4H ikkje har betalingsterminal, står det i ei pressemelding vi har fått.
Start 4H med haustfest og jubileumsmarkering
Start 4H i Todalen arrangerte laurdag haustfest nr 50 og markerte samtidig 50-årsjubileet for klubben under haustfesta i Todalen skule. Sjølv om haustfesta denne gongen konkurrerte med Sirkus SuSu i Idrettshallen samla dei bra med folk til fest og jubileumsfeiring.
Laurdag: Start 4H med haustfest – markerer og 50-årsjubileum…
Laurdag 28. oktober er det klart for årets høgdepunkt i Start 4H i Todalen skule. Da blir det haustfest, og det blir nok litt ekstra stas, ettersom Start 4H i disse dager kan feire 50-årsjubileum. Haustfest og jubileum startar alt kl 14 og dei har både utstillingar og mykje program å by på.
4H på kurs i pilfletting
Start 4H har denne veka vore invitert til Svinvika på kurs i arbeide med pil i forbindelse med prosjektet DELING. Her har dei vore instruert av Marit Larsdotter Moen og Jorun Kraft Mo i ulike metodar i pilfletting. Og etter resultata og dømme, så har både lærarane og elevane arbeidd godt.
Start 4H med alternativ haustfest….
Laurdag ettermiddag markerte Start 4H at det var sesongslutt og tid for mønstring til haustfest. Start 4H hadde i år rigga til haustfest i Skulstuå (Gammelskulen), og det hadde dei gjort for å få vise fram det nye klubbrommet som dei har jobba med det siste året. Heile gjengen har nemleg klubbrommet som 4H-oppgåve og […]
Start 4H klar for haustfest
Start 4H inviterer til haustfest i Skultuå laurdag 12.november frå kl. 13.00 – 16.00. Det vert utstilling, visning av aktivitetar gjennom året, leikar ved lavvoen, matservering og loddsal. Alle er velkomen til ein triveleg ettermiddag helsar styret i 4H.