Todalen sanitetsforening inviterer kløvertur måndag 12. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer kløvertur måndag 12. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDet var friskt både i gardstunet på Kårvatn og oppå Dalalia frå morgonen av i dag. Men etter kvart som sola fikk litt grep så vart det meir skapeleg temperatur sjølv med litt vind. 29 ivrige randonee-entusiaster stilte på startstreken og tok ett kvart sats oppover Dalalia. For seniorane gikk løypa opp mot toppen av Tydalsnebba, medan dei andre klassane fikk nøye seg med toppane «907» og «1040».
Les heile sakaSurnadal Heimbygdlag kallar inn til årsmøte på Thon Hotel Surnadal måndag 12. februar kl. 18:00.
Les heile sakaDet var kanskje ikkje så uventa at dei tre løparane som er på randonée-landslaget hamna på sigerspallen, men spenning var det likevel under kveldens sprint i Sæterlia, der første øving i Kårvatn Skimo vart avvikla. 16 deltakarar gjorde at det vart eit forholdsvis oversiktleg arrangement.
Les heile sakaFørstkomande søndag er det både morsdag og fastelavnssøndag, så det er dagen for bådebollar og kake! Sanitetsforeninga held ein lang tradisjon i hevd og sel fastelavnsris og lerkhjarte som ein kan pynte med både ute og inne.
Les heile sakaI går kveld vart ei gaupe påkøyrd og skadd i Todalsstranda. Etter påkøyrselen for gaupa oppover på oversida av vegen og forsvann. Det lokale politiet vart varsla, og dei tok kontakt med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å få klarsignal til å igangsette ettersøk og avliving av den skadde gaupa. Hallstein Nes og Ådne Næss Aune frå den lokale ettersøkgruppa starta raskt ettersøk for å finne den skadde gaupa.
Les heile sakaFredag kveld starter Kårvatn Skimo med start kl 18:00 i Surnadal alpinanlegg, Sæterlia, der sprint er første aktivitet i Kårvatn Skimo 2024. Her er det start kl 18:00, med prolog og kvalifisering, og fortsett forløpande med heat og til slutt finale. I skrivande stund er det 16 påmeldte, men det kan enno bli fleire.
Les heile sakaTysdag 13 . februar er det atter moglegheit for servering av ball på Todalshytta. Som vanleg serveres det både potetball og sildball i tidsrommet 15:00 til 18:00. Bestill gjerne på SMS 929 97 550.
Styret i Surnadal Pensjonistlag kallar inn sine medlemmar til årsmøte måndag 26. februar klokka 12:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Møbel-Biske bygget på Skei. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaBarne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det no er fin skeiseis og gode forhold igjen på Bordholmen. – Skeiseisen er nypreparert og forholda er veldig fine, kan Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa fortelje.
Les heile sakaStyret i Surnadal Arbeiderparti kallar inn sine medlemmar til årsmøte torsdag 15. februar klokka 19:00 i møterommet på Surnadal sjukeheim. Det blir vanlege årsmøtesaker og utlodning.
Les heile sakaTodalen Idrettslag har preparert løyper med skispor i Toåa tursti, rundt om på Kvennset og oppover Smålandsgrenda. Rapportane seier at det er kjempefine forhold for å gå på ski, så da er det inga unnskyldning for å ikke ta seg ein skitur!
Les heile saka