I år, som tidlegare år har Todalen Sanitetsforening kjøp inn kunstverk av ein lokal kunstnar som skal loddast ut gjennom heile året, med trekning i desember. Denne gongen vart det anskaffa to bilder, av Odd Skrøvset. Mange har allerede kjøp lodd, men da utan å vite eksakt kva dei kjøpte for. Dette var under fastelavnsrissalget på Matkroken midt i februar.
Les heile saka
Det er ikkje så ofte at det byr seg anledning til å kjøpe hytter eller fritidshus i Todalen. Men no er det ei hytte til sals på Kårvatn, i hyttefeltet innafor Plassen, like ved Nauståfossen. Hytta ligg på sjølveigartomt, og har veg fram til tomta.
Les heile saka
Også todalen.no har si sakliste klar før årsmøtet neste tirsdag i ungdomshuset. Her er ordinære årsmøtesaker, ein gjennomgang av året som gjek og litt enkel kortreist servering. Og naturleg vis utdeling av Årets Bilde.
Les heile saka
Etter ei lita forsinking, kjem her resultatet etter avsteminga av månadens bilete for januar. Vi kan gratulere Venja Lian som vinnar med biletet «På skattejakt». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile saka
Søndag skjedde det igjen. 4 bilar vart tekne av skred, 11 personar var i livsfare, og nok ein gong var marginane på rett side slik at alle dei involverte slapp frå hendinga i live. Denne gongen var det eit 50 meter langt snøskred med ei høgde på to meter tettpakka snø, som trefte køyretya på hovudvegsambandet nord-sør langs Vestlandet, Europaveg 39. Dette skriv Nasjonal Rassikringsgruppe der Lilly Gunn Nyheim er Møre og Romsdal sin representant, i ei pressemelding i går.
Les heile saka
I Todalen barnehage har det vore karneval, og Jorunn Nordvik har sendt oss eit bilete av gjengen i flotte kostymar. I ein e-post skriv Jorunn: «Fredag var det duket for karneval i barnehagen. Vi har hatt nedtelling til dagen lenge (!), og alle stilte i flotte kostymer. Tradisjon tru var det dans til samba-rytmer, limbo og vi slo «katta ut av sekken»».
Bernt G. Bøe vil ta med publikum på ei spennande hundre år gammal ferd på Surnadal kulturhus onsdag 4. mars kl. 13.30: «Dampen» var sjølve blodomløpet for Nordmøre frå 1857 til «Kvernes» gjorde siste tur i 1959.
Les heile saka
I kveld arrangerer Surnadal kommune og Surnadal bondelag «Kløverstukveld», der dei sett fokus på forvaltning av storvilt og ettersøk. Det skjer i Svorkasalen på kulturhuset, med start kl 19.30. På programmet står: – Prosjektet «Variasjon i hjortens områdebruk om høsten ” v/Erling Meisingset. – Info om ettersøk, v/Anders Magne Ormset – Orientering om felles forvaltningsplan for Aure, […]
Les heile saka
I går var det ei ny utsending frå todalen.no som tok turen på Skihytta for å ta tempen på stemninga på tidlegare annonsert skiskyttartevling
Les heile saka
Ei prosjektgruppe i kommunen har i lengre tid arbeidd for å få i gang ei helseteneste som heiter «Aktiv i eigen kvardag». Fredag 27.februar var det klart for «kick off» og informasjonsmøte for helsepersonell Surnadal kommune. Prosjektgruppa er tverrfagleg og arbeider med kvardagsrehabilitering. Det er ein metode der ein arbeider for ein mest mogleg sjølvstendig og aktiv livsstil uansett alder.
Les heile saka
Surnadalsrussen har kjørt fullt hus både torsdag og fredag med russerevyen «Våvvin tå rette vefta». Laurdag kjøres det to førestillinga – den første kl 14 og siste kl 18. Siste førestilling er utsolgt, medan det i skrivande stund fredag kveld er ca 130 ledige biletter på første førestilling kl 14. Programmet var spunnet rundt diktarkongen Hans Hyldbakk og var eit flott historisk tilbakeblikk, samtidig som den tok vare på den kjappe replikken og humoren som ein russerevy skal ha.
Les heile saka
Tradisjon tro er årets vinterblot gjeng samla på skihytta denne helga i februar. De dro opp på torsdag og skal være til søndag – med fullt program….
Les heile saka